Miljø og kunnskap sikrar framtida         Søk

Vart heidra for 39 år i fylkeskommunal teneste

08.09.2011

Vart heidra for 39 år i fylkeskommunal teneste

Rektor Tor Solheim ved Fagskulen i Sogn og Fjordane fekk seg ei overrasking under sommaravslutninga 16. juni. Styreleiar for skulen, Svein Ottar Sandal, dukka nemleg opp med uventa heidersteikn for lang og tru teneste.

Sandal stilte med medalje for lang og tru teneste og diplom frå Norges Vel til Solheim, som har vore rektor ved Fagskulen sidan 2002. Før det var han tilsett ved den gamle yrkesskulen i Førde (no Øyrane vidaregåande) i 30 år.
– Det var skikkeleg stas og ei fin avslutning på skuleåret. Det er ein positiv måte å verte minna på kor fort tida går, seier Solheim, som altså har vore i fylkeskommunal teneste i til saman 39 år.
Både studentar og tilsette var til stades på sommaravslutninga, og fekk med seg at det vart gjort ære på rektoren.


 



print