Bilteknikk - kurskode FTT015H
Fordjupingsområdet bilteknikk gjev deg generell kompetanse innanfor bilfaga. Fordjupinga er oppretta med bakgrunn i bransjen sine behov for leiarar og dyktige medarbeidarar på alle plan. Dei viktigaste fagområda er bilteknikk, elektro, verkstaddrift, leiing, marknadsføring og økonomi.
Når du har fått denne fordjupinga, kan du m.a. bli teknisk leiar, verksmeister, formann, kundemottakar, sakshandsamar hos bilimportør, teknisk rådgjevar/konsulent, inspektør i Biltilsynet, takstmann, salskonsulent og faglærar i vidaregåande skule.
På grunn av lite søknad vert det ikkje tilbod om bilfag i skuleåret 2011-2012, ved Fagskulen i Sogn og Fjordane.