Bygg - kurskode FTB015H
I fordjupingsområdet bygg lærer du om forvalting, drift og vedlikehald av bygg. Viktige fagområde er bygningsfysikk, bygningsproduksjon og betong-, mur-, tre- og stålkonstruksjonar. Som fagteknikar med bygg som fordjupingsområde vil du kunne berekne, planleggje og koordinere produksjon, innkjøp og personresursar i eit byggjeprosjekt. Utdanninga gjev deg mellomleiarkompetanse som kan brukast på mange nivå i bygg- og anleggsbransjen. Linja gjev og teorien til meisterbrev. Denne fordjupinga gjer deg kvalifisert for stillingar som anleggsleiar, oppmålingsteknikar, byggjeleiar, arealplanleggjar, oppsynsmann, prosjektleiar, kalkulatør, kommunalteknikar, vedlikehaldsteknikar, formann og faglærar i vidaregåande skule.