Miljø og kunnskap sikrar framtida         Søk

Helse, aldring og aktiv omsorg

Fagskuleutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg (eldreomsorg)

 

Kurskode FHH02D Helse, aldring og aktiv omsorg

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde, tilbyr utdanning i helse, aldring og aktiv omsorg som deltidsstudium over 2 år.

 

Utdanningstilbodet vil bidra til å heve kompetansen innan pleie- og omsorgs sektoren, auke rekrutteringa og utdanninga av helsepersonell, og styrke fagtilbodet i kommunen.

 

Utdanninga følgjer nasjonal plan for fagskuleutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg. Opplæringa er tverrfaglig og har eit brukar perspektiv.

 

Organisering av opplæringa

Innhald: Nasjonal plan for fagskuleutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg. Utdanninga er godkjent av NOKUT.

 

Målgruppe: Helse- og sosialpersonell med vidaregåande opplæring og fagbrev/vitnemål frå relevant yrkesutdanning.

 

Omfang: Deltidsstudium over 2 år. Opplæring ein fast dag pr. veke på dagtid.

 

Økonomi: Utdanninga har som føresetnad å være fullfinansiert over statsbudsjettet. Utgifter til studiemateriell må kvar student dekke sjølv. Utdanninga gir rett til lån/stipend i Lånekassen.

Bakgrunn

Helsedirektoratet prioriterar utvikling av tilbod om fagskuleutdanning for yrkes­grupper med utdanning frå vidaregåande skule. Målsettinga er å sikre desse sjølvstendige karrieremuligheiter utan at dei må starte på ny grunnutdanning ved universitet eller høgskule. Myndigheitene legg stor vekt på auka kompetanse innan helse- og omsorgssektoren. Ihht. “kompetanseløftet 2015” er målsettinga at 1.500 skal få fagskuleutdanning i helse- og sosialfag årleg.

 I Norge er det forventa det ein kraftig vekst i tal innbyggarar over 80 år frå rundt 2020, med en årlig vekst på mellom 3,5 – 7 prosent. Utviding av kapasiteten innan helse- og omsorgstenester må starte i god tid før veksten inntreffe. Det vil være et stort behov for auka kompetanse på aldring, med spesielt fokus på demens og samansette lidingar. Eit handlingstiltak i samband med det er tilbod om vidareutdanning av helsepersonell gjennom fagskule­ordninga. Dette er spesielt viktig for å auke kompetansen, redusere avgangen frå sektoren og bidra til rekrutteringa til helse- og sosialfag i vidaregåande skule.

Kortfatta skisse over innhaldet i opplæringa

Modul

Innhald

Fagskule poeng

Praksis

Modul 1

Felles innhaldsdel

14 poeng

 

Modul 2

Førebygging, rehabilitering og omsorg

9 poeng

 

Modul 3

Aldring og sjukdommar

16 poeng

 

Modul 4

Organisering og yrkesutøving

7 poeng

Inkl.praksis

Modul 5

Fordjupingsmodul

14 poeng

Inkl.praksis

Totalt

 

60 poeng

10 vekers praksis

 

Mål for fagskuleutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg

Utdanninga har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarer, med høg yrkesetisk standard som tar initiativ til å planlegge, organisere og iverksette tiltak i samarbeid med tjenesteytarar og brukarar, samt styrke kompetansen innanfor følgjande områder: Førebygging, behandling og rehabilitering innan eldreomsorg.

Ved gjennomført fagskuleutdanning skal studenten ha:

         Kompetanse til å ta utgangspunkt i den eldre sine ressursar, ønskjer og behov ved planlegging og gjennomføring av tiltak

         Kompetanse om aldersdemens, diagnostikkbehandling og tilrettelegging av       

dagleglivet.

         Utvikle forståing og respekt for dei eldre si livserfaring og livssituasjon

         Kompetanse i å etablere relasjoner og gi omsorg til eldre mennesker og deira   

pårørande

         Evne til kritisk og etisk refleksjon i arbeid med eldre

         Evne til å formidle erfaringsbasert kunnskap

         Auka evne til å ta initiativ til og å delta i tverrfaglig samarbeid

         Fått ein faglig og personlig vekst og utvikling

         Være gode rollemodellar

 

Opplæring og omfang

Planen for utdanninga består av totalt fem moduler; ein modul med generell innhaldsdel, tre faglige modular og ein fordjupingsmodul. Opplæringa vil være en kombinasjon av klasseromsundervis­ning, praksis, prosjektrelatert arbeid / gruppearbeid /sjølvstudium. Opplæringa vert organisert som eit deltidsstudium over 2 år på dagtid. Undervisinga på skulen vert gjennomført med ein dag pr. veke.

Praksis

Praksis utgjer 10 veker og vert lagt til modul 4 og 5. Praksisperioden kan være på den institusjonen du er tilsett, men skal ikkje gjennomførast på eigen arbeidsplass. Vei­ledning i praksisperioden vil verte gjennomført av lærarar frå Fagskulen. I tillegg skal stu­denten få praksisveiledar på praksis­staden. Det vert stilt krav om minimum 90 % oppmøte for å bestå praksis. Praksisstad vert godkjent av skulen. Fordjupingsoppgåva (modul 5) skal ta utgangspunkt i eit av de områda studenten har arbeid med i løpet av praksisperioden.

Arbeidsformer

Opplæringa skal legge vekt på arbeids­former som fordrar aktiv deltaking frå studentane, og være nært knytt til studentane sine eigne erfaringar, problem­stillingar frå praksisfeltet, utfordringar i arbeidslivet og sentral teori.

Vurdering og kompetanse

Det blir gitt vurdering med karakter til kvar modul på bakgrunn av deltakaranes til­eigning av faget. Praksisperioden vurderast som greidd/ikkje greidd. Det vert utferda vit­nemål når alle modulane er bestått.

Eksamen: Hovudprosjektet/fordjupingsoppgåva utgjer i hovudsak den skriftlege delen av eksamen.  I tillegg kjem ei individuell munnleg høyring, med utgangspunkt i hovudprosjektet/fordjupingsoppgåva.  Studentane har i forkant blitt gjort kjent med sensuren av skriftleg del, og får berre gjennomføre munnleg del dersom skriftleg del er greidd.  Det vert sett ein samla eksamenskarakter for munnleg og skriftleg del.

Opptak

Grunnlag for opptak til eittårig fagskuleutdanning i helse og sosialfag:

a)      Fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev/vitnemål frå relevant yrkesutdanning frå vidaregåande skule.

b)      Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

c)      Det kan gjerast opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søknad

Søknad elektronisk på www.vigo.no eller send direkte til Fagskolen i Sogn og Fjordane. Søknadsskjema og meir informasjon om innsøking finn du på skulen sine heimesider.

Kurskode FHH02D Helse, aldring og aktiv omsorg

Søknadsfrist: 15. april

FAGSKOLEN I SOGN OG FJORDANE avdeling FØRDE

Sanderplassen 14, 6800  FØRDE      Postboks 384 6801  FØRDE

Tlf. 577 25 130     e-mail:  postmottak.fagskulen@sfj.no

www.fagskulen.no