Miljø og kunnskap sikrar framtida         Søk

Linje                     ELEKTRO
Fordjuping         ELKRAFTTEKNIKK
 
Elektrolinja kom i gang i 1984, m.a. etter påtrykk frå elektrisitetstilsynet, som tok til å mangle kvalifiserte inspektørar. Om lag 25 studentar frå det første kullet har fylt viktige funksjonar i fylket. Fleire av dei starta eigne bedrifter i installasjonsbransjen. I 1985 fekk skulen to topp moderne elektro-laboratorium. Skulen hadde seinare i periodar fordjupingane ELEKTRONIKK og DATATEKNIKK.
ELKRAFT-fordjupinga er den som har gått heile tida, og skulen har utvikla nettbasert tilbod som går over 4 år, innan dette fagområdet.
 
Studiet passer for/Målgruppe:
Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått elektro-linje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike elektro-fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse eller har leiarambisjonar.
Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot på denne type arbeidskraft.
Studiemuligheiter:  
Ved Fagskulen i Førde har ein tilbod om heiltidsstudie på fordjuping ELKRAFT.
Skulen har studiedag fredag for ELEKTROLINJA.
Ved behov kan skulen tilpasse eit 3-årig opplegg for dei som ynskjer det.
Eit anna alternativ kan være å ta nettstudie (med samlingar) over 4 år.
 
Gjennomføring av studiet:
Studiet er basert på klasseromsundervisning, laboratorieøvingar, bruk av dataverktøy, sjølvstudie, prosjekt og utplassering.
Jobbar etter fullført studie
                Konstruktør
                Arbeidsleiar
                Sal/marknadsdsføring
                Produktutvikling
                Sakkunnig driftsleiar
                Installasjonsinspektør
                Grunnlag for Faglærar i vidaregåande skule
                Grunnlag for installatørprøva
 
Mange utdanna Fagteknikarar går rett inn i ingeniørjobbar, mykje p.g.a. fordelen med at fagskulestudentar har praksis før dei tek den teoretiske påbygginga. Kan såleis gå rett inn i jobbane utan den opplærings-perioden som ingeniørstudentane ofte må ha.
Personar med denne utdanninga er særleg ettertrakta offshore.
Inntakskrav
Søkjar må kvalifisere for minst eitt av kriteria under.
  • Fagbrev, relevant for linja/fordjupinga               
  • Minst 5 år relevant praksis
  • Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

 

Søknad
                Søknadsfrist 15.april
                Elektronisk søknad. Bruk MinID for å søkje via vigo.no
                Kopi av Fagbrev og attestar skal sendast den skulen du har som førsteval.
                Dokumentasjonen må være skulen i hende seinast 20.april
 
Fagskulepoeng/omfangav studie
                Eit år på fagskulen gjev 60 fagskulepoeng. 
Elkraft er eit 2-årig studie og gjev til saman 120 fagskulepoeng.
 
Formell kompetanse etter studiet
                Fagteknikar.
 
Faginnhald
 
Fellesfag (felles for alle dei tekniske fordjupingane)
 
                Modul 1 – Kommunikasjonsfag
                               Norsk – 9 fagskulepoeng
                                               Om faget
                               Engelsk – 3 fagskulepoeng 
Engelskfaget består av to hoved emneområder: generell engelsk og linjeretta engelsk, og inngår i kommunikasjonsmodulen saman med norskfaget der norsk utgjer 2/3 og engelsk utgjer 1/3.
Studentane skal læra å kommunisere på språket i ulike situasjonar. Undervisninga vil derfor i stor grad være retta mot generell engelsk som vil gi studentane fleirkulturell kompetanse. Samtidig vil en del av undervisninga være retta mot den enkelte linjes engelske fagterminologi.
Engelskfaget viktig som verktøy for god kommunikasjon, gjev innsikt i fagterminologi og tverrkulturelle emne samt amerikansk styresett, kultur, næringsliv og skulesystem.
 
                Modul 2 – Realfag – 10 fagskulepoeng
                                Fysikk – 4 fagskulepoeng
                                Innleiande emner, Statikk, Kraft og rettlinja bevegelsar, Energi, Fysikk i veske
                                og gassar, Termofysikk
 
 Matematikk – 6 fagskulepoeng
                                 Algebra, Likningar/Ulikheiter/Formelrekning, Praktiske emner, Trigonomitri,
                                 Funksjonar 1 og 2
                              
 
               Modul 3 – LØM-fag – 14 fagskulepoeng
                               Organisasjon og leiing – 5 studiepoeng
                               Marknadsføringsleiing – 6 studiepoeng
                               Økonomistyring – 3 studiepoeng
 
Desse faga forkortast til LØM-fag og skal gi studentane kompetanse på økonomiske og administrative fagområder, samt innan leiing. LØM-faga består av:
§ Markedsføringsledelse (3 fagskolepoeng)
§ Organisasjon og ledelse (5 fagskolepoeng)
§ Økonomistyring (6 fagskolepoeng)
Det vert trekt vekslar på praktisk erfaring frå arbeidsliv, slik at teoretisk kunnskap i størst mulig grad vert integrert i opplæringa. Planen for disse faga dekker Mesterbrevnemnda sine krav.
 
 
Fordjupningsfag/Fagretningsfag
 
                Modul 4 – Grunnlagsfag – 19 fagskulepoeng
                               Elektroteknikk med laboratorieøvingar – 9 fagskulepoeng
                               Grunnleggjande elektroteknikk, Magnetisme, Elektrostatikk, Vekselstraumslære
                              
Nettverkskommunikasjon med lab. – 4 fagskulepoeng
                                Grunnleggjande nettverkskommunikasjon, Overføringssystem
                              
                               Elektroniske system med lab. – 6 fagskulepoeng
Digitalteknikk, Mikroprosessorteknikk, Analogteknikk
 
                Modul 5 – Grunnlagsfag – 9 fagskulepoeng
                               Teikning og dokumentasjon – 5 fagskulepoeng
                               Tegneferdigheit, Dokumentasjon, Andre skjematypar
 
                               Måleteknikk med lab. – 4 fagskulepoeng
                               Måletekniske prinsipp, Industrielle anvendelsar
 
 
                Modul 6 – Fordjupingsfag elkraft
                               Energiproduksjon og distribusjon med lab. – 9 fagskulepoeng
                               Produksjon, Distribusjon, Helse Miljø og tryggleik
 
                               Automatiserte anlegg med lab. – 7 fagskulepoeng
                               Basiskunnskapar, Programmerbare styringar, Reguleringsteknikk
 
                Modul 7 – Fordjupingsfag elkraft
                                Elektriske installasjonar med lab. – 12 fagskulepoeng
Byggeprosessen, Belysningsteknikk, Varmeteknikk, Teknisk prosjektering, Eltryggleik, internkontroll og kvalitetssikring
 
                               Elektriske maskiner og omformarar med lab. – 12 fagskulepoeng
                               Synkronmaskina, Likestraumsmaskina, Asynkronmaskina, Transformatoren,
Kraftelektronikk
 
                Modul 8 – Hovedprosjekt – 6 fagskulepoeng
                               Prosjekt i gruppe som endar i individuell presentasjon, skriftleg og muntleg eksamen.                               Prosjekta vert ofte etablerte og gjennomførde i samarbeid med næringslivet, og i
nokre tilfeller vert dei seinare realiserte.
 
                Modul 9 – Lokalt tilpassa fordjupingsfag - 10 fagskulepoeng
                               Døme på aktuelle fag er:
                               Førebuing til installatørprøven – 6 fagskulepoeng
                               Valfaget er tenkt for studentar som ønskjer å melde seg opp til installatørprøven.
 
                               Mikrokraftverk – 6 fagskulepoeng
                               Valfaget er tenkt for studentar som ønskjer å lære meir om vasskraftproduksjon enn
det som vert teke hand om i hovudfaga.
 
                               Studiekompetanse realfag (R1/R2+FY1) – 6 fagskulepoeng
Faget er for dei studentar som har planar om å studere vidare på høgskule etter endt studie på fagskulen. Vert tilbode 2. års studentar.
 
 
Karakterar/vitnemål
Det vert gitt modulkarakter i alle modulane, og eksamenskarakter i minst 4 modular (Modul 3 og Modul 8, pluss 2 Modular som vert trekt).
Studenten må ha fullført og fått ståkarakter (minst E), i alle modulane for å få vitnemål. 
Karaktersystemet til Fagskulen består av bokstavkarakterar. Karakter A er beste karakter, karakter E er lågast ståkarakter, karakter F er stryk-karakter.
Får ein stryk-karakter i ein modul vil ein ikkje få gå opp til eksamen i modulen.
 
Mål med Fagskuleutdanninga
Studiet skal utvikle studentane til reflekterte yrkesutøvarar. Studentane skal etter gjennomført utdanning ha lagt eit grunnlag for livslang læring og kontinuerleg omstilling.
 
Gjennom studiet skal studentane utvikle
fagleg kompetanse, som dei skal bygge på og videreutvikle i sitt arbeid som fagteknikar. Dette skjer gjennom å planlegge, lede og kontrollere eigne arbeidsoppgåver og arbeid utført av andre i henhold til gitte krav og spesifikasjonar, der det vert reflektert over gjennomførte oppdrag.
sosial kompetanse, slik at han/ho kan samarbeide med medarbeidarar, utvikle team – leie og delta i gruppeprosessar og utvikle arbeidsmiljø som både er trygt og utfordrande og som tilfredsstiller krav til helse, miljø og tryggleik.Sosial kompetanse er også en forutsetning for å kunne samarbeide med kollegaer, leiing og fagleg miljø.
ferdigheiter i å bruke IKT i lærings- og utviklingsprosessar, å beregne, kalkulere og styre økonomiske og administrative gjeremål, samt organisere, leie, dokumentere og vurdere lærings- og utviklingsprosessar.
haldningar som bevisstgjerast og synleggjerast gjennom arbeid og i relasjonar med kollegaer, leiing og fagleg miljø
 
Etter gjennomført fagskuleutdanning skal studenten ha
·         Kompetanse til å vurdere fagområdet sitt frå eit høgare nivå
·         Kompetanse til å utføre fagarbeid samt planlegge og kontrollere fagarbeid
·         Evne til å formidle og bruke kunnskap
·         Evne til å ta seg av leiing økonomi og marknadsføring
·         Auka evne til å sette seg inn i ny teknologi
·         Forståelse for ulike kompetansebehov i faget
·         Fått ein fagleg og personleg vekst og utvikling