Nautisk
Greidd eksamen frå fordjupingsområdet nautisk gjev deg naudsynt kunnskap til å løyse sertifikat som styrmann/kaptein, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som krevst for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet)
Utdanninga omfattar 4 studieeiningar som er delt inn i 2 sertifikatnivå:
1. og 2. studieeining: Klasse 4 (D4): Operativt nivå. Underordna styrmann
3. og 4. studieeining: Klasse 1 (D1): Skipsførar/overstyrmann utan avgrensing
I STCW-konvensjonen er krav til kompetanse, kunnskap og forståing delt inn etter funksjonar:
Funksjon 1 (F1): Navigering
Funksjon 2 (F2): Lasting, lossing og stuasje
Funksjon 3 (F3): Kontroll av drift av skipet og omsorg for personar om bord
I planen for studiet er kvar studieeining delt inn i modular etter funksjonar på sertifikatnivå der kvar modul omfattar eit eller fleire fag, som vist i tabellane D4 og DM1 i studieplanen. Sjå Informasjonsboka
Fagskulen nyttar praksisplassar m.a. på opplæringsfartøyet Skulebas. Når det gjeld fordeling mellom teori og praksis, legg skulen IMO modellkurs sine anbefalingar til grunn.
Bruk av simulator er ein sentral del av undervisninga (navigasjonsssimulator)
Vidare karriere:
* Arbeid som styrmann og seinare eventuelt som skipsfører
* Gå vidare på universitet eller høgskule
* Arbeid i det private næringslivet (skipsverft og rederi)
* Starte eiga bedrift
* Arbeid i kommunale etatar (havnevesen)
* Arbeid som los
* Arbeid som lærar