Psykisk helsearbeid
Fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid

Kurskode FHH01D Psykisk helsearbeid
Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde, tilbyr fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid som deltidsstudium over to år.
Fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid skal sikre den enkelte, samfunnets og arbeidslivet sitt behov for ny kompetanse i tråd med nye oppgåver og utfordringar innan helse- og sosialsektoren. Utdanninga er derfor tverrfaglig, og har eit klart brukarperspektiv.
Organisering av opplæringen
Innhold: Studieplan for videreutdanning i psykisk helsearbeid. Planen er basert på Helsedirektoratets rammeplan. Utdanninga er godkjent av NOKUT.
Målgruppe: Helse- og sosialpersonell med vidaregåande opplæring og fagbrev/vitnemål frå relevant yrkesutdanning.
Omfang: Deltidsstudium over 2 år. Opplæring en fast dag pr. uke på dagtid.
Økonomi: Utdanninga har som føresetnad å være fullfinansiert over statsbudsjettet. Utgifter til studiemateriell må kvar student dekke sjølv. Utdanninga gir rett til lån/stipend i Lånekassen.
Bakgrunn
Nokre kommunar har utarbeida handlingsplan for psykisk helsearbeid. Kommunane sitt mål er at tilsette i kommunale etatar får høgare kompetanse slik at dei kan gi målgruppa betre kvalitative tenester. Tilgang på kvalifisert personell er ein føresetnad for å kunne gjennomføre reformer og opptrappingsplaner innan psykisk helsearbeid, og tilby mennesker med psykiske lidelingar egna bu- og omsorgstilbud.
Myndigheitene legg stor vekt på økt kompetanse innan helse- og omsorgssektoren. Ihht. “kompetanseløftet 2015” er målsettinga at 1.500 skal få fagskuleutdanning i helse- og sosialfag årlig.
Eit handlingstiltak i samband med det er tilbod om vidareutdanning av helsepersonell gjennom fagskuleordninga. Dette er spesielt viktig for å auke kompetansen, redusere avgangen frå sektoren og bidra til rekrutteringa til helse- og sosialfag i vidaregåande skule.
Kortfatta skisse over innhaldet i opplæringa
|
Modul
|
Innhald
|
Fagskule poeng
|
Praksis
|
|
Modul 1
|
Felles innhaldsdel
|
14 poeng
|
|
|
Modul 2
|
Grunnlagstenking og lovverk
|
8 poeng
|
|
|
Modul 3
|
Teoriar og arbeidsmåtar i psykisk helsearbeid
|
14 poeng
|
|
|
Modul 4
|
Kommunikasjon-relasjonskompetanse innan psykisk helsearbeid
|
11 poeng
|
|
|
Modul 5
|
Fordjupingsmodul
|
13 poeng
|
10 veker
|
|
Totalt
|
|
60 poeng
|
10 vekers praksis
|
Mål for studiet i psykisk helsearbeid
Studiet har som overordna mål å styrke kompetansen i psykisk helsearbeid til helse- og sosialfagsarbeidarar innan førebygging, behandling og rehabilitering av menneske med psykiske problem.
Ved gjennomført fagskuleutdanning skal studenten ha
• Tileigna seg breiddekompetanse innan psykisk helsearbeid; om ulike psykiske problem og lidingar, om førebygging, behandling og rehabilitering, samt dei viktigaste tilnærmings- og behandlingsformer og metodar
• Tileigna seg kunnskap om brukarmedverkning som ideologi, og utviklet relasjonskompetanse og reflekterte haldningar i møte med den enkelte brukar fått grundigare kjennskap til gjeldande lovverk som regulerer helse- og sosialtenestene sitt virkefelt
• Utviklet evna til samhandling i yrkesutøving
• Blitt bevisst viktigheten av tverrfaglig samarbeid innan og mellom forvaltningsnivåa
• Utvikla evne til å utføre sjølvstendige arbeidsoppgåver i forhold til mennesker med psykiske problem og lidingar.
• Blitt bevisst og fått ferdigheter i å kvalifisere yrkesutøvinga jfr. helsepersonelloven og etiske retningslinjer for yrkesgruppa.
Opplæring og omfang
Studiet i psykisk helsearbeid består av totalt fem moduler. Læringsmetodane vekslar mellom førelesning, gruppearbeid/ individuelle oppgåver, problemløysande læring/ prosjektarbeid med tverrfaglig fokus, praksisorientert undervisning/ situasjonsbeskriving, veileding, sjølvstudium og støtte over nettet.
Opplæringa er organisert som eit deltidsstudium over 2 år på dagtid. Undervisinga på skulen vert gjennomført med ein dag pr. veke på dagtid.
Praksis
Praksis utgjer 10 veker og er lagt til modul 5. Veiledning i praksisperioden gjennomføras av lærarar frå fagskulen. I tillegg skal studenten tildelast praksisveiledar på praksisstaden. Det vert stilt krav om minimum 90% oppmøte for å bestå praksis. Praksisstaden må avklaras med fagskulen. Fordjupingsoppgåva (modul 5) skal ta utgangspunkt i eit av områda studenten har arbeid med i praksisperioden
Arbeidsformer
Opplæringa skal legge vekt på arbeidsformer som fordrar aktiv deltaking frå studentane og være nært knytt til studentane sine eigne erfaringar, problemstillingar frå praksisfeltet, utfordringar i arbeidslivet og sentral teori. Det vil forsøksvis verte lagt opp til opplæring i emner som er spesielt relevante i forhold til deltakarane sin bakgrunn og arbeid.
Vurdering og kompetanse
Det blir gitt vurdering med karakter til kvar modul på bakgrunn av deltakaranes tileigning av faget. Praksisperioden vurderast som greidd/ikkje greidd. Det vert utferda vitnemål når alle modulane er bestått.
Eksamen: Hovudprosjektet/fordjupingsoppgåva utgjer i hovudsak den skriftlege delen av eksamen. I tillegg kjem ei individuell munnleg høyring, med utgangspunkt i hovudprosjektet/fordjupingsoppgåva. Studentane har i forkant blitt gjort kjent med sensuren av skriftleg del, og får berre gjennomføre munnleg del dersom skriftleg del er greidd. Det vert sett ein samla eksamenskarakter for munnleg og skriftleg del.
Opptak
Grunnlag for opptak til eittårig fagskuleutdanning i helse og sosialfag:
a) Fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev/vitnemål frå relevant yrkesutdanning frå vidaregåande skule.
b) Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
c) Det kan gjerast opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søknad
Søknad elektronisk på www.vigo.no eller send direkte til Fagskolen i Sogn og Fjordane. Søknadsskjema og meir informasjon om innsøking finn du på skulen sine heimesider.
Kurskode FHH01D Psykisk helsearbeid
Søknadsfrist: 15. april
FAGSKOLEN I SOGN OG FJORDANE avdeling FØRDE
Sanderplassen 14, 6800 FØRDE – Postboks 384 6801 FØRDE
Tlf. 577 25 130 e-mail: postmottak.fagskulen@sfj.no
www.fagskulen.no