Skipsteknisk drift
Greidd eksamen frå fordjupingsområdet skipsteknisk drift gjev deg naudsynt kunnskap til å løyse sertifikat som maskinist/maskinsjef, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som krevst for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet)
Utdanninga omfattar 4 studieeiningar som er delt inn i 2 sertifikatnivå:
1. og 2. studieeining: Klasse 4 (M4): Vaktoffiser - ikkje avgrensa KW
3. og 4. studieeining: Klasse 1 (M1): Maskinsjef - ikkje avgrensa KW
I STCW-konvensjonen er krav til kompetanse, kunnskap og forståing delt inn etter funksjonar:
Funksjon 1 (F1): Maskineri
Funksjon 2 (F2): Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar
Funksjon 3 (F3): Vedlikehald og reparasjonar
Funksjon 4 (F4): Kontroll av drift av skipet og omsorg for personar om bord
I planen for studiet er kvar studieeining delt inn i modular etter funksjonar på sertifikatnivå der kvar modul omfattar eit eller fleire fag, som vist i tabellane M4, M3 og M1 i studieplanen. Sjå Informasjonshandboka
Fagskulen nyttar praksisplassar m.a. på opplæringsfartøyet Skulebas. Når det gjeld fordeling mellom teori og praksis, legg skulen IMO modellkurs sine anbefalingar til grunn.
Bruk av simulator er ein sentral del av undervisninga (maskinromssimulator).
Vidare karriere:
* Arbeid som maskinist og seinare eventuelt som maskinsjef
* Gå vidare på universitet eller høgskule
* Arbeid i det private næringslivet (skipsverft og rederi)
* Starte eiga bedrift
* Arbeid i kommunale etatar
* Arbeid som lærar