Direktesending frå Fagskulen

Fagskulen sin avdeling for tekniske fag, i Førde, har fagteknikarutdanning som er ei samlingsbasert-nettutdanning. Fredag 1.April var der ekstra samling for dei studentane som studerer Elkraft. Gjesteforelesar var Nettplanleggjar Kristian Vassbotten frå SFE. Han forelas tema innan energiproduksjon og distribusjon. Studentane er busette rundt omkring i Sogn og Fjordane og i nabofylka. Nokre møtte opp på skulen, nokre følgde sendinga direkte på nett og alle kan sjå den i ettertid.