Informasjon til studentar på samlingsbasert studium i skuleåret 2015-2016

Studentar

Fagskulen i Sogn og Fjordane avdeling Førde helsar deg velkommen som student ved skulen vår.

Ordinær skulestart er måndag 17.august kl 1000

1.klasse samlingsbaserte nettstudia har skulestart måndag 24.august kl.0915

2.klasse samlingbaserte nettstudia har skulestart måndag 31.august kl 0915

Oppmøte på studentane sitt opphaldsrom.

Dei som har høve til det må gjerne møte den 17. og få informasjon om Fronter (undervisningsplatforma) og bli registrert som brukar (Feide-pålogging) i datasystemet

Skulen tilbyr ei vekes oppfriskingskurs i realfag for dei studentane som ynskjer det. Sjå eigen informasjon.

Overnatting

Av overnattingstilbod i Førde kan vi nemne:  Førde gjestehus og camping – tlf. 46 80 60 00

Førde Pensjonat – tlf. 57 82 11 64   /   Scandic Sunnfjord Hotel & Spa – tlf. 57 83 40 00

Thon Hotel Førde – tlf. 57 82 81 10   /   Førde Motell – tlf. 57 82 61 50

Bøker/materiell:

Boklister vert lagt ut på skulen si heimeside så snart dei er klar.

 

Stipend/lån:

Dersom du vil søkje stipend/lån i Statens lånekasse må du gjere det elektronisk.

Gå inn på www.lanekassen.no  for meir informasjon

 

Har du spørsmål som du ynskjer svar på:

Send e-post til  postmottak.fagskulen@sfj.no  eller ring sentralbordet tlf 576 37 450

adr.: Postboks 384, (Sanderplassen 14)  6801  FØRDE   Heimeside: www.fagskulen.no

 

Samlingar:

Eksamen:

Eksamen kjem i tillegg til samlingane.  Dato for eksamenar skal være nærmare fastlagd ved skulestart.

 

Samlingane:

Samlingane er frå måndag til onsdag, 3 gangar pr semester og 6 gangar pr skuleår.

Samlingane startar måndag morgon kl 0915 og er ferdige onsdag ettermiddag kl 1620.

 

                 Måndag          0915-1000     1010-1140      1210-1340      1350-1520     1535-1740

                 Tysdag           0830-1000     1010-1140      1210-1340      1350-1520     1535-1740

                 Onsdag          0830-1000     1010-1140      1210-1340      1350-1520     1535-1620    

 

Timeplan for samlingane, og fagfordeling, vert utdelt på første samling.

 

Fritak/innpass:

Eventuelle fritak/innpass i Emne, eller særskilt tilrettelegging ved eksamen, må søkjast om skriftleg til skulen innan 4 veker etter skulestart.

 

Studieavgift:

Studieavgifta vert fakturert med kr 8000,- for kvart semester (faktureringa skjer i september og i februar)  Totalt kr 48000,- for heile studiet.

 

Inntak:

Ved inntak så er ein innteken for heile studiumet (3 år), ein treng ikkje søkje på nytt kvart år.