Ledig stilling Fagskulen i Sogn og Fjordane avdeling Førde

Frå 01.08.2019 har Fagskulen i Sogn og Fjordane avdeling Førde ledig fast stilling:

Ingeniør - undervisningsstilling i bygg og anleggsfag.

Vi ønskjer søkjarar med praktisk erfaring inn bygg og anleggsfaga. Vi oppmodar og søkjarar utan formell kompetanse, men med brei og allsidig erfaring innan fagfeltet, om å søkje.

Fagskulen har eit utviklingsorientert og kreativt arbeidsmiljø, med motiverte studentar som har brei praktisk erfaring. Arbeidet er fleksibelt, der ein i samarbeid med det lokale næringsliv, kollegaer og leiing lagar eige undervisningsopplegg.

Vi har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med sosiale aktivitetar utanom jobb.

For stillinga gjeld:

  • løn etter avtale

  • vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

  • dekka flyttekostnader etter nærare reglar

  • pensjons- og forsikringsordningar

  • prøvetid på seks månader

  • politiattest

Nærare opplysningar om stillinga får du hos avdelingsleiar Eilert Årseth på tlf.  470 59 233.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til jobbsamtale. Søknad elektronisk via link.


Søknadsfrist: 31.03.2019