Ledig Stilling i Måløy

Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim avdeling Måløy, tilbyr dekk- og maskinoffisersutdanning. Vi har ca. 60 studentar og er samlokalisert med Måløy vidaregåande skule og Sikkerheitssenteret i Måløy.


LEDIG STILLING

Vi har ledig 1 års vikariat frå 17.08.15 med muligheit for fast tilsetjing frå hausten 2016. Stillinga innebær undervisning i navigasjon og ledelsesfag.

Kvalifikasjonar:      Dekksoffiser med D1-sertifikat, lavare sertifikat kan bli vurdert.

Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju. Søknad med godkjende kopiar av vitnemål og attestar, samt opplysningar om referansar skal sendast til:

Fagskulen i Sogn og Fjordane

Maritim avdeling Måløy

Pb 1055, 6704 Deknepollen

Søknadsfrist: 01.08.15


Nærare opplysningar kan rettast til rektor Lars Berle på tlf. 415 30840

Meir info om skulen på vår heimeside www.fagskulen.no,
eller ring oss på tlf. 415 30690, e-post: postmottak.fagskulen@sfj.no