Mange på karrieredag

Elevar frå grunnskular, vidaregåande skular og andre, fekk møte studentar på Fagskulen sin avdeling i Førde. Studentane kunne svare på spørsmål om fagbrev, fagskuleutdanning og vegen vidare. Dei hadde utstilling på laboratoria rundt på skulen, der dei viste litt av den aktiviteten som går føre seg der. Ikkje nok med det, men dei besøkande fekk også komme i direktekontakt med store bedrifter som Havyard, SFE, Normatic. Opplæringskontora i Sogn og Fjordane var godt representerte.