Maritim avdeling Måløy får 1,3 millionar til ny maskinsimulator

Det blir frykteleg enkelt å bruke løyvinga på 1,3 millionar frå regjeringa, meiner Lars Berle som er leiar for maritim avdeling Måløy ved Fagskulen i Sogn og Fjordane. – Det skal gå til ny maskinsimulator for maskinistlinja, seier han.

Regjeringa løyver 15 millionar kroner til utstyr i maritime utdanningar i 2016. Av desse får Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim avdeling Måløy, 1.296.500 kroner.

Føresetnaden for at den enkelte utdanningsinstitusjonen får pengar, er at den stiller med tilsvarande beløp. Og for 2,6 millionar får Fagskulen akkurat råd til maskinsimulatoren dei treng.

– Det burde dekke det, og pengane bøter på eit problem for oss. Per i dag har vi berre opplæringsfartøyet Skulebas, eit 40 år gamalt maskinrom som ikkje er up to date i det heile tatt og ein tilsvarande utdatert maskinromlab ved Måløy vidaregåande skule. Vi har tilgang til pc-basert simulering, men det gir ikkje kjensla av verkelegheit på same måte. Så dette blir eit dataoppbygd maskinrom med kontrollpultar, så studentane kan gå inn i store båtar, som LNG- og tankbåtar, og simulere verkelegheit, seier ein nøgd avdelingsleiar.

– Det vil framleis vere pc-basert, men når vi bygger «full mission» får vi store touchscreen skjermar med grafisk framstilling, seier simulatoransvarleg Kenneth Førde.

Alfa og omega

Berle meiner det var ekstremt viktig for skulen å få desse midlane til ny simulator.

– Det er veldig gledeleg, og på sikt er det alfa og omega for å greie å halde på maskinistlinja.

Per i dag går det totalt 28 studentar på linja som går over to år.

Utover mangelen på gode nok simuleringsverktøy for maskiniststudentane, understrekar Berle at skulen er godt utstyrt.

– Det er på maskinistsida vi har lege etter. Men når det gjeld styrmannslinja vil eg seie vi er blant dei beste i landet på simulatorsida.

Håpet er no at nytt simulatorrom kan vere på plass på skulen etter sommaren 2017.

– Vi må først få på plass løyvingane frå fylket og lage framdriftsplan, seier Førde.

Midlane som no kom frå regjeringa er fordelt på til saman ti fagskular, universitet og høgskular. Tiltaket er ei oppfølging av regjeringa sin maritime strategi, «Maritime muligheter – blå vekst for grønn fremtid».

– Viktig å styrke sjøfart

Stortingspolitikar Bjørn Lødemel (H) var den som fekk æra av å overbringe den gode nyheita til fagskulen, avdeling Måløy måndag.

– Den maritime næringa er ein vesentlig del av norsk næringsliv, og ei av Norges mest globale, innovative og framtidsretta næringar. Derfor er det viktig for oss å styrke utdanninga innanfor dei maritime faga. Det er svært gledelig at Fagskulen i Sogn og Fjordane, avd. Måløy får desse midlane. Det vil føre til at maskinparken for utdanningar innan sjøfart kan bli oppgradert og fornya, og dermed bli betre tilpassa dei oppgåvene som ventar elevane i arbeidslivet i denne næringa i framtida, seier Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Høgre.

– Satsinga på den maritime utdanninga vil styrke skulemiljøet i Måløy, og denne løyvinga er også strategisk viktig for framtida no når ein truleg går inn i eit stort vestlandsfylke, seier Hogne Bleie, gruppeleiar for Framstegspartiet i Vågsøy.

Kjelde: Fjordenes Tidende, 14.11.2016