Skulestart 2015-2016

 Til NYE STUDENTAR i skuleåret 2015-16

 

Fagskulen i Sogn og Fjordane avdeling Førde helsar deg velkommen som student her hos oss.

 

Ordinær skulestart for heiltidsstudentar er måndag 17. august, kl 10oo

Oppmøte på studentane sitt opphaldsrom.

 

Skulen tilbyr ei vekes oppfriskingskurs i realfag for dei studentane som ynskjer det. Sjå eigen informasjon.

 

Hybel / leilegheit:

Siste åra har det gått greitt for studentane å skaffe seg hybel eller leilegheit i, eller i nærleiken av Førde. Skulen har ikkje noko eiga hybelformidling.

Skulen vil tilrå at du freistar å skaffe deg hybel enten ved å kontakte slektningar/kjenningar eller annonsere i lokalavisa (Firda). Vær og merksam på at ein del husvertar annonserer ledige hyblar i Firda.

         

Bøker/materiell:

Bøker og kalkulator som skal brukast vert elles tinga inn av bokhandlarane i Førde og kan kjøpast etter skulestart.  Boklister vert lagt ut på skulen si heimeside så snart dei er klar.

 

Stipend/lån:

Dersom du vil søkje stipend/lån i Statens lånekasse må du gjere det elektronisk.

Gå inn på www.lanekassen.no  for meir informasjon

 

Fritak/innpass:

Eventuelle fritak/innpass i Emne, eller særskilt tilrettelegging ved eksamen, må søkjast om skriftleg til skulen innan 4 veker etter skulestart.

 

Har du spørsmål som du ynskjer svar på:

                 Send e-post til  postmottak.fagskulen@sfj.no

                 eller ring sentralbordet tlf 576 37 450

                 adr.: Postboks 384, (Sanderplassen 14)  6801  FØRDE

                 Heimeside: www.fagskulen.no