Studium under planlegging

Fagskulen planlegg oppstart av

Vidareutdanning i Rehabilitering

Utdanninga skal gi studentane kompetanse i rehabilitering både på individnivå og systemnivå. Sentralt står også brukarmedverking, kunnskap om korleis brukarane kan få større innverknad på sin eigen rehabiliteringsprosess. Studentane vert opplærd i gjeldande lover og forskrifter og skal kjenne til forskjellar mellom forvaltningsnivåa.

Målet med rehabilitering er å støtte opp om, og utvikle, mestringsevne og funksjonsnivå hos menneske med skader eller sjukdom.  Behovet for rehabilitering er aukande, blant anna fordi folk lever lenger no enn før. Kommunane har eit primæransvar for rehabilitering- og habiliteringstilbodet til den enkelte. Spesialisthelsetjenesta skal fungere som eit supplement, i tillegg til å yte spesialiserte tenester

 

Etter fullført utdanning kan kompetansen din nyttast innan:

  • Kommunal helse- og sosialteneste som til dømes heimebasert omsorg, sjukeheim, bukollektiv og andre institusjonar
  • Grunnskule, barnehage, SFO, vaksenopplæring og vidaregåande skule
  • Rehabiliteringssenter og andre liknande institusjonar
  • Psykisk helsevern og andre spesialisttenester og det statlege pedagogiske støttesystem
  • NAV, og i tillegg vil ein ha kompetanse til å vera personleg koordinator i individuelle planprosessar

 

Du bygger vidare på den grunnkompetansen du allereie har tileigna deg gjennom tidlegare skulegang eller arbeidserfaring, og får verdifull kunnskap som det er stort behov for i samfunnet vår når det gjeld å gi alle menneske muligheit for større grad av sjølvstende, mestring, og deltaking, og medverke til eit verdig liv og like mulegheiter for menneske med ulike funksjonshemmingar eller kronisk sjukdom.

 

Rehabiliteringsfeltet famnar derfor vidt.  I rehabiliteringsmeldinga omfattar rehabilitering både medisinsk rehabilitering, sosial rehabilitering og habilitering.  Mens REHABILTERING betyr å trene opp igjen funksjoner som ein har hatt tidlegare, betyr HABILITERING å trene opp funksjoner som ein ikkje har hatt tidlegare.

 

REHABILITERING

 

HABILITERING

Målgruppene for rehabilitering kjenneteiknast ved behovet for å vinne att tapte funksjonar etter sjukdom, skade eller rusavhengighet.  Metodikken er derfor prega av re-læring og oppøving av tidlegare funksjonar og ferdigheiter.  Mange må lære å mestre eit liv med varige funksjonsnedsetjing og/eller mestringsutfordringar.  Å bevare eksisterande funksjoner, bremse utvikling av funksjonstap, utvikle nye funksjonar og tilpasse livet til nye føresetningar er sentralt.

 

Målgruppa for habilitering kjenneteiknast ved at dette er menneske som treng å lære funksjoner gjennom store deler av livet.  Dette vert for eksempel brukt når ein arbeider med menneske med nedsett funksjonsevne der skaden har oppstått før, under eller rett etter fødsel.  Dette kan for eksempel være menneske med utviklingshemmingar som ofte bruker lengre tid på å lære både teoretiske og praktiske ferdigheiter.  Derfor er det ikkje uvanleg at denne gruppa trener på ADL-ferdigheiter (aktivitet i dagleglivet) også når dei er vaksne.

 

Habilitering og rehabilitering skal ta utgangspunkt i respekten for menneskeverdet, uavhengig av graden av funksjonshemming og den enkelte sin evne til aktivitet og arbeid.  Eit heilskapleg menneskesyn må ligge til grunn.

 

Habiliterings- og rehabiliteringsprosessen skal fremje personleg ansvar og eigen mestring.  Den enkelte sin ressurs og potensiale skal være utgangspunktet.  Mennesket sin rett til sjølv å bestemme over eige liv og formulere eigne mål er sentralt.  Openheit og god kommunikasjon, deling av kunnskap og klargjering av alternativ er viktige føresetnader for aktiv deltaking og medverknad.

 

Målet om økt funksjons- og mestringsevne og sjølvstende føreset eigeninnsats, trening, ny-læring og re-læring.  For nokon kan målet med habilitering og rehabilitering være å mestre eit liv med varige funksjonsnedsetjing. Nokre treng tilpassingar av omgjevnadane og hjelpemidlar.

 

Din jobb vil være å stimulere og understøtte personen sin eigen innsats i å oppnå og vedlikehalde ein best mulig fysisk, psykisk, sansemessig, kognitiv og sosial funksjonsevne som er tilpassa den enkelte sitt behov, ressursar og potensiale.

 

Ein viktig del av utdanninga er å gjere studentane bevisste på eigne kunnskapar og ferdigheiter. Målet med utdanninga er derfor at du etter fullført utdanning skal ha tileigna deg:

 

·        Kunnskap om kva rehabiliteringsarbeidet betyr for økt livskvalitet for den enkelte bruker og kan sjå muligheiter for å forbetre denne livskvaliteten der dette er mulig.

·        Ha auka tryggleik til å ta initiativ til, organisere og sette tiltak saman med brukar, pårørande, teamet, frivillige lag og organisasjonar.

·        Ha ferdigheit i å sjå korleis den enkelte brukar sine ressursar kan nyttast optimalt i mestringsprosessen.

·        Kunnskap som set deg i stand til å være personleg koordinator i individuelle planprosesser.

 

Kvifor helsefaglig fagskuleutdanning?

Samfunnet er i stadig endring. Dette stiller krav til oppdatert og økt kompetanse. Fagskuleutdanning i helsefag har som mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar, som tar initiativ til å planlegge, organisere, og sette i verk tiltak i samarbeid med tenesteytarar og brukarar.
Utdanning vil gi deg fleire arbeidsoppgåver med meining og større grad av mestring i jobben.

 

Opptakskrav

·        Formelle opptakskrav

Fullført og greidd vidg.oppl./fagbrev innan Helse- og oppvekstfag, Barne- og ungdomsarbeid, hjelpepleier, helsefagarbeider, omsorgsarbeider, helsesekretær, aktivitør eller annan 3-årig helse- og oppvekstfagleg utdanning.  

Søkarar som skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan få tildelt plass på vilkår om greidd prøve. 

 

·        Opptak på bakgrunn av realkompetanse

Det kan i særskilde høve gjerast opptak på grunnlag av realkompetanse, dvs. minst 5 års relevant praksis innan pleie og omsorg, bu- og omsorgssenter, rehabiliterings- /aktivitetssentre, barnehagar, skolar og skulefritidsordningar som gjev realkompetanse i læreplanmål tilsvarande vg1 og  Vg2 i yrkesfagleg utdanningsprogram i helse- og oppvekstfag (tidl. helse-sosialfag).

 

Med realkompetanse meiner ein all formell og ikkje formell kompetanse som er opparbeida gjennom skulegang, arbeid og fritid, som er relevant for dette studiet. Søkjarar som vert tatt inn på bakgrunn av realkompetanse vil etter gjennomført og greidd avsluttande eksamen, ikkje kunne søkje autorisasjon innan helsefaga.

 

Organisering av opplæringa

Utdanninga vert tilbydd som deltidsstudium over 2 år.  Det tilsvara ei normert studietid på 1 år. Utdanninga kombinera teori og praksis og vert avslutta med ei fordjupingsoppgåve

Studiet kan organiserast med samling ein gong pr veke, som tre dagars samling 6 gonger i året, eller ei blanding av dei to føregåande opplegga. Organiseringa vert i kombinasjon med digitalt klasserom.

.

Arbeidsformer
Et viktig pedagogisk prinsipp gjennom hele studiet er studentane sitt ansvar for eiga læring. Det inneber at studentane er mottakelege for undervisning og aktivt oppsøker læringssituasjonar. Skulen har ansvar for å legge til rette for læring og å støtte/rettleie studentane i læreprosessen. Studentane må disponere PC og internett.

 

Arbeidsformene skal gi trening i å søkje kunnskap, stimulere kritisk tenking, problemløysing og refleksjon. Arbeidsmetodar som vert brukt i studiet, er førelesningar, dialogpreget undervisning, munnleg framlegg, prosjektarbeid med tverrfaglig fokus og ulike former for gruppearbeid, som for eksempel rollespel/video. 

 

Studentane si læring vert følgd opp gjennom rettleiing og vurdering undervegs. Digital læringsplattform vert nytta.

Fagskuleutdanning vil gi fleire spesialiserte arbeidsoppgåver og meir ansvar. Med auka kompetanse vert du meir attraktiv på arbeidsmarknaden (jfr. samhandlingsreforma).

 

 

Det vil bli lagt inn utfyllande opplysningar om emne, læringsutbyttebeskrivingar, studieplan, når vi har fått godkjenning av NOKUT.  Oppstart vert sannsynlegvis ikkje før tidlegast 2018.

 

Fagskulen har frå før godkjenning på desse helsefaga:

·        Psykisk helsearbeid

·        Helse, aldring og aktiv omsorg

Desse kan søkjast på for oppstart hausten 2017.