Anlegg

Utdanning:

Fordjupingsområdet anlegg gjev deg opplæring i anleggskonstruksjonar, anleggsdrift, landmåling, betong- og stålteknologi, fjellarbeid, kommunalteknikk og geoteknikk. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen.

Bygg og anleggslinja vart starta opp i 1983. Det har vore ei populær linje i eit område med stor byggjeverksemd. Bransjen har sett pris på utdanninga som har skaffa den kompetanse m.a. til anleggsleiing og administrasjon. Fagskulen i Sogn og Fjordane tilbyr med dette den høgaste utdanninga du kan ta her i fylket innanfor desse fagområda.
Etter denne fordjupinga er du kvalifisert for stillingar som oppmålingsteknikar, anlegsleiar og kontrollør, bygningsprosjektør, prosjektleiar, kalkulatør, kommunalteknikar, vedlikehaldsteknikar, formann og faglærar i vidaregåande skule.

Utdanninga passer for/Målgruppe:

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått bygg eller anleggslinje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike anlegsfag, og som no ynskjer meir formell kompetanse eller deg som har leiarambisjonar.

Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot av denne type arbeidskraft.

Utdanningstilbod:  

Heiltidsutdanning  ANLEGG over 2 år.

Gjennomføring av utdanninga:

Studiet er basert på klasseromsundervisning, praktisk landmåling, bedriftsbesøk, innleveringsoppgåver, prøvar/testar bruk av dataverktøy, sjølvstudie, prosjekt og. Der er spesifiserte arbeidskrav i alle emner, som må oppfyllast. Jfr.studieplan.

Jobbar etter fullført utdanning:

Fagretning bygg og anlegg er ei vidareutdanning for handverkarar innan bygg- og anleggsfaga og inneber å spesialisere seg i lærefaget på nivå 5.2 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagteknikar frå fagretning bygg og anlegg er i fyrste rekkje innanfor entreprenørverksemd, kommunalteknikk og eigne bedrifter. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor.

Eksempel:

  • Arbeidsleiar/prosjektleiar
  • Sal/marknadsdsføring
  • Kommune/teknisk etat
  • Vegvesen/vegetat
  • Grunnlag for Faglærar i vidaregåande skule
  • Taksering i samband med skadar eller omsetning av eigedom

Mange utdanna Fagteknikarar går rett inn i ingeniørjobbar, mykje p.g.a. fordelen med at fagskulestudentar har praksis før dei tek den teoretiske påbygginga. Kan såleis gå rett inn i jobbane utan den opplærings-perioden som ingeniørstudentane ofte må ha.

Personar med denne utdanninga har fått teorien til MEISTERBREV.

Opptakskrav:

Det generelle grunnlaget for opptak er:

  • Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev
  • Realkompetanse
  • Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve.

For Bygg er relevante fagbrev/sveinebrev frå programområdet Bygg- og Anleggsfag.

Realkompetanse

Søkarar som ikkje oppfyller dei formelle krava til opptak, kan verte tekne inn som studentar på grunnlag av realkompetanse. Denne kompetansen kan vere nådd både gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar med meir. Søkjar må kunne levere dokumentasjon på at søkjaren har relevante kvalifikasjonar på nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Dette kan for eksempel vere realkompetanse i felles allmenne fag tilsvarandelæreplanane i grunnkurs/VG1 og vidaregåande kurs 1/VG2 i yrkesfaglege studieprogram/programområde.

Praksis må vere på minst 5 år, og ha eit innhald som er relevant for den fagretninga det vert søkt opptak på. Praksis må dokumenterast.

Rektor vurderer realkompetansen med utgangspunkt i praksis, kvalifikasjonar på nivå 4 i NKR og læringsutbyttebeskrivelser.

Poengutrekning og rangering ved opptak

Rektor regner ut poenga til kvar søkjar etter fylgjande kriterier:

  • Det generelle grunnlag for opptak punkt 1-3 gir 100 poeng
  • Det vert gjeve gjennomsnittleg karakterpoeng i alle fag på VG2 og relevant tverrfagleg eksamen
  • Praksis utover det generelle grunnlag for opptak, 1 poeng pr månad
  • Fartstid (tid om bord) 1 poeng pr månad
  • Fagprøve med «greidd, mykje godt», 25 poeng
  • Fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet, inklusive praksistid, 50 poeng

Ved lik poengsum vert det kjønn kvotert som er underrepresentert i det yrket/profesjon opplæringa skal føre fram til.

Søknad:

Søknadsfrist 15.april
Elektronisk søknad. Bruk MinID for å søkje via vigo.no
Kopi av Fagbrev og attestar skal sendast den skulen du har som førsteval.
Dokumentasjonen må være skulen i hende seinast 20.april

Fagskulepoeng/omfang av utdanninga:

Eit år på fagskulen gjev 60 fagskulepoeng.
Bygg- og anleggsteknikk er eit 2-årig studie og gjev til saman 120 fagskulepoeng.

Formell kompetanse etter utdanninga:

Fagteknikar.

Mål med Fagskuleutdanninga

Bygg- og anleggsbransjen er i samfunnssamanheng ein stor og viktig bransje. Det er eit stort behov for fagteknikar som kan berekne, planlegge og koordinere produksjon, innkjøp og personressurs innan bygg- og anleggsprosjekt. Dette gjeld både nye prosjekt, omlegging av eksisterande og restaurering. Utviklingai fagområdet skjer i eit høgt tempo. Samfunnet og næringslivet har med andre ord stadig behov for nye fagteknikarar innan dette fagområde.

I lærings- og utviklingsprosessar vil ein bruke mykje IKT for å berekne, kalkulere og styre økonomiske og administrative gjeremål, samt organisere dokumentasjon og leiing. Det vert også lagt vekt på sosial kompetanse, slik at ein kan samarbeide med medarbeidarar, utvikle team, leie og delta i gruppeprosessar og utvikle arbeidsmiljø, som både er trygge og utfordrande.

Etter gjennomført fagskuleutdanning skal studenten ha

Kunnskap:

  • om omgrep og teoriar som vert brukt i bygge- og anleggsbransjen innan berekningsfag, leiing, økonomistyring, markedsføring,  planlegging, geomatikk og HMT.
  • om digitale og analoge verkty som nyttast i bygge- og anleggsbransjen ved prosjektering og utføring, som teikneprogram, planleggingsverkty og landmålingsutstyr.
  • om dei ulike prosessane som går føre seg i eit bygge- eller anleggsprosjekt og korleis ein ved god planlegging kan effektivisere eit prosjekt.
  • til å vurdere eige arbeid i høve til gjeldande Norsk Standard, lover og regelverk i bygge- og anleggsbransjen
  • om bygge- og anleggsbransjen og kva yrket inneber, og kan med bakgrunn i dette leie og følgje opp eit bygge- eller anleggsprosjektnår det gjeld planlegging, utføring, økonomi og HMT.
  • kunnskap om bygge- og anleggsbransjens historie og tradisjonelle byggemetodar, verkty og materiale, som er naudsynt ved arbeid på eller ved verneverdige bygg eller anlegg.
  • kunnskap om dei ulike bygningsmaterialer sine eigenskapar, og kanutføre enkle berekningar innan tre, stål og betong.
  • innsikt i og kan oppdatere sin kunnskap når det gjeld endringar og nyvinningar innan bygg og anlegg, ved å delta på aktuelle kurs og å følgje med i fagmiljøet og fagtidskrifter.
  • innsikt i mogelegheiter for utvikling innan bygge- og anleggsfaget
  • god kjennskap til relaterte bransjersom deisamarbeider med, som elektro og vvs.

Ferdigheter i å:

  • gjere greie for sine val av materialer og utførelsesmetodar etter gjeldane normer, lover og regelverk i bygge- og anleggsbransjen
  • reflektere over eigen fagleg utøving når det gjeld prosjektering, utføring og kontroll, og kan justere denne under veileding
  • reflektere over eigen fagleg utøving for å oppnå eit godt arbeidsmiljø i bygge- og anleggsbransjen der HMT og kvalitetssikring har ein naturleg og viktig plass
  • gjere greie for sine faglege val av materiale og utføringsmetodar som sikrar trygge, varige og sunne bygg og anlegg
  • finne og syne til informasjon og fagstoff, og kan vurdere relevansen det har for faget
  • kartlegge bygge- eller anleggsplassen og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for iverksetting av tiltak.
  • administrere ein bygge- eller anleggsprosess gjennom planlegging, økonomistyring, personalleiing, kontraktsoppfølgjing og HMT.

Generell kompetanse:

  • studenten kan prosjektere og utføre bygge- og anleggsprosjekt og oppgåver innan faget som ansvarleg leiar og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer til riktig utført arbeid, og etter gjeldande lover,  regelverk og standardar.
  • Studenten kan utveksle synspunkter med andre innan bransjen, eller relaterte bransjer og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis i oppføring av varige og velfungerande bygg og anlegg
  • Studenten komme med bidrag til diskusjonar som gjeld utvikling av organisasjonen saman med under- og overordna personale, og med samarbeidande bransjar.