Elkraft

Utdanning:

Elektrolinja kom i gang i 1984, m.a. etter påtrykk frå elektrisitetstilsynet, som tok til å mangle kvalifiserte inspektørar. Om lag 25 studentar frå det første kullet har fylt viktige funksjonar i fylket. Fleire av dei starta eigne bedrifter i installasjonsbransjen. Elverka har også fått mange gode "driftsingeniørar" som er uteksaminerte her. 

Utdanninga passer for/Målgruppe:

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått elektro-linje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike elektro-fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse.

Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot på denne type arbeidskraft.

Utdanningstilbod:  

Gjennomføring av utdanninga:

Utdanninga er basert på klasseromsundervisning, laboratorieøvingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar bruk av dataverktøy, sjølvstudie, prosjekt og utplassering. Der er spesifiserte arbeidskrav i alle emner, som må oppfyllast. Jfr.studieplan.

Jobbar etter fullført utdanning:

Arbeidsmarknaden krev kunnskapsrike og reflekterte medarbeidarar for å kunne løyse oppgåver innanfor ein teknologi som er framtidsorientert og i stadig utvikling. Ein ferdig utdanna fagteknikar med erfaring vil kunne arbeide som leiar og fagleg ansvarleg i ulike arbeidssituasjonar. Vedkommande skal tilfredsstille den nødvendige teoretiske kompetansen som forskriftane «Forskrift om elektroforetak og kvalifikasjonskrav for arbeid knyttet til elektriske anlegg og elektrisk utstyr» og «Forskrift om autorisasjon for virksomhet som utfører installasjon og vedlikehold av elektronisk kommunikasjonsnett (autorisasjonsforskriften)» krev. Utdanninga er i samsvar med desse forskriftane slik at studenten kan forstå elektriske installasjonar og vere kvalifisert for prøve som elektroinstallatør. Etter at studenten har avlagt og elektroinstallatørprøva vil han tilfredsstille krav til faglig ansvarlig for bygging og vedlikehold av elektriske anlegg. Studenten vil og tilfredsstille krav til kvalifisert person i autorisasjonsforskriften. Opplæringa skal gje eit godt fundament for å forstå dei forhold som må vurderast av faglig ansvarlige, med vekt på vurderingar av teknisk/økonomiske valg, leiing og HMT. Ekom-emnet er ei sentral spesialisering i denne fordjupinga.

Mange utdanna Fagteknikarar går rett inn i ingeniørjobbar, mykje p.g.a. fordelen med at fagskulestudentar har praksis før dei tek den teoretiske påbygginga. Ein kan såleis gå rett inn i jobbane utan den opplærings-

perioden som ingeniørstudentane ofte må ha. Personar med denne utdanninga er særleg ettertrakta offshore. Utdanninga skal gje eit godt grunnlag for å møte utfordringar ein treff som fagleg ansvarleg, med vekt på leiing, økonomi og HMT.

Jobbeksempel etter fullført utdanning:

  • Installatør
  • Prosjekteringsleiar
  • Arbeidsleiar
  • Sal/marknadsdsføringsarbeid
  • Produktutvikling
  • Faglig ansvarlig ved elektriske anlegg
  • EKOM-installatør
  • Installasjonsinspektør
  • Grunnlag for Faglærar i vidaregåande skule
  • Grunnlag for installatørprøva

Opptakskrav:

Det generelle grunnlaget for opptak er

  • Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev
  • Realkompetanse
  • Søkjarar som kan dokumentere at de skal gjennomføre fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan tildeles plass på vilkår om bestått prøve.

For Elkraft er relevante fagbrev/sveinebrev frå programområdet elektrofag.

Realkompetanse

Søkarar som ikkje oppfyller dei formelle krava til opptak, kan verte tekne inn som studentar på grunnlag av realkompetanse. Denne kompetansen kan vere nådd både gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar med meir. Søkjar må kunne levere dokumentasjon på at søkjaren har relevante kvalifikasjonar på nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Dette kan for eksempel vere realkompetanse i felles allmenne fag tilsvarandelæreplanane i grunnkurs/VG1 og vidaregåande kurs 1/VG2 i yrkesfaglege studieprogram/programområde.

Praksis må vere på minst 5 år, og ha eit innhald som er relevant for den fagretninga det vert søkt opptak på. Praksis må dokumenterast.

Rektor vurderer realkompetansen med utgangspunkt i praksis, kvalifikasjonar på nivå 4 i NKR og læringsutbyttebeskrivelser.

Poengutrekning og rangering ved opptak

Rektor regner ut poenga til kvar søkjar etter fylgjande kriterier:

  • Det generelle grunnlag for opptak punkt 1-3 gir 100 poeng
  • Det vert gjeve gjennomsnittleg karakterpoeng i alle fag på VG2 og relevant tverrfagleg eksamen
  • Praksis utover det generelle grunnlag for opptak, 1 poeng pr månad
  • Fartstid (tid om bord) 1 poeng pr månad
  • Fagprøve med «greidd, mykje godt», 25 poeng
  • Fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet, inklusive praksistid, 50 poeng

Ved lik poengsum vert det kjønn kvotert som er underrepresentert i det yrket/profesjon opplæringa skal føre fram til

Søknad:

Søknadsfrist 15.april
Elektronisk søknad. Bruk MinID for å søkje via vigo.no
Kopi av Fagbrev og attestar skal sendast den skulen du har som førsteval.
Dokumentasjonen må være skulen i hende seinast 20.april

Fagskulepoeng/omfang av utdanninga:

Eit år på fagskulen gjev 60 fagskulepoeng.
Elkraft er eit 2-årig studie og gjev til saman 120 fagskulepoeng.

Formell kompetanse etter utdanninga:

Fagteknikar.

Mål med Fagskuleutdanninga:

Elkraft er et vidt fagområde som omfattar alt frå produksjon og distribusjon til forbruk av elektrisk energi. Fagområdet består av emne som for eksempel produksjon, overføring, lysanlegg, varmeanlegg, enøk, linjebygging, dimensjonering av elektriske installasjonar og maskiner, styringsteknikk og overvaking. Ein ferdig utdanna fagteknikar skal ha solid praksis og oppdaterte teoretiske kunnskapar som bygger vidare på denne praksisen. Studenten skal erverve seg kunnskap om alternative energikjelder. Fagskulen i Sogn og Fjordane arbeidar etter visjonen at «kunnskap og miljø sikrar framtida». Studenten skal etter studiet kunne velje gode og relevante løysingar som er miljøvenlege og som gjer minst mogeleg skade på miljøet . Studenten skal gjere rede for val av tekniske løysingar og faglege val.

Overordna læringsutbyte-beskrivelse for ELKRAFT:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om økonomistyring, marknadsdsarbeid og organisering og leiing av ei bedrift
  • kan gjere rede for metoder for driftsanalyser og feildiagnostisering i elektriske og elektroniske nett
  • har kunnskap om helse, miljø og tryggleik ved drift, tilsyn og feilretting av elektriske anlegg
  • har kunnskap om terminologi, elektromagnetisk teori og elektriske måleverktøy som vert brukt ved arbeid på elektriske og elektroniske nett.
  • har kunnskap om krav til dokumentasjon og relevant regelverk for arbeid innanfor elkraft, som f.eks «Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr».
  • har kunnskap om kraftproduksjon, distribusjon, installasjon og tilhørende elektriske styresystem.
  • har innsikt i og kan oppdatere sin kunnskap rundt sentrale begrep og teoriar som vert brukt innan elkraft.
  • har kunnskap om kraftbransjen sin historiske utvikling og påverknad på samfunnet.
  • har kunnskap om framtidsutsikter innan elkraft og kan finne fram, bruke og oppdatere sine kunnskapar innan elkraft.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere ei bedrift sin organisasjon og leiing i samband med sitt faglige arbeid, og utføre marknadsarbeid
  • kan gjere rede for valg av elektrotekniske komponentar og system innan elektriske installasjonar og kraftproduksjon og distribusjon
  • kan løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innafor elektriske og elektroniske installasjonar og kraftproduksjon og distribusjon
  • kan finne, bruke og henvise til relevant informasjon, datablad og fagstoff innan elektriske og elektroniske installasjoner, kraftproduksjon og –distribusjon
  • kan utføre kartlegging og dokumentasjon knytta til elektriske og elektroniske installasjonar, kraftproduksjon og –distribusjon og kan identifisere elektrotekniske problemstillingar i samband med dette.
  • kan kartlegge daglege situasjonar og problemstillingar innan elektriske og elektroniske installasjonar, kraftproduksjon og –distribusjon og samtidig være ansvarleg for eigen og andre sin tryggleik.

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår kraftbransjen sitt samfunnsansvar og miljømessige utfordringar ved bruk og utvikling av naturressursar
  • kan planlegge og prosjektere elektriske anlegg i henhold til gjeldande forskrifter utarbeidet avDSB
  • kan forestå drift og vedlikehald av elektriske anlegg.
  • kan utføre påliteleg arbeid slik at verken elektriske anlegg eller produkt fører til fare for liv, helse og materielle verdier
  • kan utføre elektroteknisk arbeid og spesifisere og risikovurdere arbeidet i henhold til kundar sine spesifikasjonar
  • kan samarbeide med fagfolk innen eige fagfelt og andre fagdisiplinar
  • kan delta i elektrofaglige fora og utveksle synspunkt på kvalitetsheving av praksis.
  • kan bidra til å utvikle kvalitetssystem og prosedyrer innen eige fagfelt
  • kan brukast som mellomledd mellom bedrifta sine leiarar og arbeidarar ved å bruke sin praktiske bakgrunn og sine teoretiske kunnskapar
  • kan brukast som mellomledd mellom dei som praktisk utøver og dei som teoretisk utøver