Fagskulen maritim avdeling Måløy

Fagskulen i Måløy tilbyr 2-årig dekks- og maskinoffisersutdanning. Utdanninga gir fagkompetanse som dekksoffiser (styrmann) eller maskinoffiser (maskinist).

Studiet er godkjend av Sjøfartsdirektoratet, NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen)  og sertifisert av Det Norske Veritas.

NUTF (Nasjonalt Utvalg for Teknisk Fagskole) har godkjent nye fagplaner for skipsoffiserutdanninga, der opplæringa blir gitt på to nivå, operativt nivå og leiarnivå, som dekkjer maskinoffisersertifikat klasse 4, 3, 2 og 1 eller dekksoffisersertifikat klasse 5, 4, 3, 2 og 1.

Det generelle kravet for opptak til 2-årig fagskule er:

a) fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev. Fagbrev som fiskar og matros til dekksoffiser. Fagbrev som motormann til maskinoffiser.
b) minst 5 års relevant praksis uten fagbrev, og med realkompetanse i
felles allmenne fag tilsvarande læreplanane i Vg1 og Vg2 i yrkesf. studier.
c) søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre
fagprøve etter opptaksfristen.

Spesielle opptakskrav

Søkjarar til maritim utdanning må dokumentere greidd grunnleggande sikkerheitsopplæring (IMO60).

Mål og innhald i studiet

Målet for utdanninga byggjer på krav til kompetanse, kunnskap og forståing, haldningar og dugleik, slik det er definert i STCW; tabell A-II/I, AII/2og A-II/3 (dekksoffiser) og tabell A-III/I, A-III/2 og A-II/3 (maksinoffiser). STCW er minimumskravet og styrande for innhaldet i studiet. Du vil finne meir detaljerte opplysningar i Informasjonshandboka.

Maritim utdanning ved Fagskulen i Sogn og Fjordane, Maritim avdeling Måløy blir kvalitetssikra gjennom skulen sitt kvalitetssystem, som er sertifisert av Det Norske Veritas etter reglaneom sertifisering av maritime akademier (Rules for the Certification of Maritime Academies) med bakgrunn i krav frå Sjøfartsdirektoratet, NOKUT og IMO.

Sertifikatkrav

Opplæringa dekkjer kravet til teori for dei høgste maritime sertifikata i løpet av opplæringa, i høve til den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjøfolk (STCW). Ein gjer derfor merksam på dei tilleggskrav om teori, praksis/fartstid, helse og vandel som gjeld for å løyse sertifikat.

Søknad

Det er Rogaland fylkeskommune som har ansvar for det nasjonale opptaket til fagskulane.  Du søkjer inntak til fagskulen primært elektronisk på www.vigo.no.

NB! All dokumentasjon skal sendast til den skulen som er førstevalet ditt.

Meir informasjon finn du på heimesida til Nasjonalt opptakskontor for fagskolen.