Helse, aldring og aktiv omsorg

Fagskuleutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg (eldreomsorg)

Kurskode FHH12D Helse, aldring og aktiv omsorg

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde, tilbyr utdanning i helse, aldring og aktiv omsorg som deltidsstudium over 2 år.

Utdanningstilbodet vil bidra til å heve kompetansen innan pleie- og omsorgs sektoren, auke rekrutteringa og utdanninga av helsepersonell, og styrke fagtilbodet i kommunen.

Utdanninga følgjer nasjonal plan for fagskuleutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg. Opplæringa er tverrfaglig og har eit brukar perspektiv.

Organisering av opplæringa

Innhald: Nasjonal plan for fagskuleutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg. Utdanninga er godkjent av NOKUT.

Målgruppe: Helse- og sosialpersonell med vidaregåande opplæring og fagbrev/vitnemål frå relevant yrkesutdanning.

Omfang: Deltidsstudium over 2 år. Opplæring ein fast dag pr. veke på dagtid.

Økonomi: Utdanninga har som føresetnad å være fullfinansiert over statsbudsjettet. Utgifter til studiemateriell må kvar student dekke sjølv. Utdanninga gir rett til lån/stipend i Lånekassen.

Bakgrunn

Helsedirektoratet prioriterar utvikling av tilbod om fagskuleutdanning for yrkes­grupper med utdanning frå vidaregåande skule. Målsettinga er å sikre desse sjølvstendige karrieremuligheiter utan at dei må starte på ny grunnutdanning ved universitet eller høgskule. Myndigheitene legg stor vekt på auka kompetanse innan helse- og omsorgssektoren. Ihht. “kompetanseløftet 2015” er målsettinga at 1.500 skal få fagskuleutdanning i helse- og sosialfag årleg.

 I Norge er det forventa det ein kraftig vekst i tal innbyggarar over 80 år frå rundt 2020, med en årlig vekst på mellom 3,5 – 7 prosent. Utviding av kapasiteten innan helse- og omsorgstenester må starte i god tid før veksten inntreffe. Det vil være et stort behov for auka kompetanse på aldring, med spesielt fokus på demens og samansette lidingar. Eit handlingstiltak i samband med det er tilbod om vidareutdanning av helsepersonell gjennom fagskule­ordninga. Dette er spesielt viktig for å auke kompetansen, redusere avgangen frå sektoren og bidra til rekrutteringa til helse- og sosialfag i vidaregåande skule.

Modul Innhald Fagskule poeng Praksis
Emne 1 Felles grunnlag for fagskole-utdanningene i helse- og sosialfagene 14 poeng
Emne 2 Helsefremmende og sykdomsforebyggende arbeid 9 poeng
Emne 3 Behandling, pleie og omsorg ved sykdom, skader og funksjonsnedsettelse 16 poeng
Emne 4 Organisering, system og ledelse 7 poeng Inkl.praksis
Emne 5 Hovedprosjekt 14 poeng Inkl.praksis
Totalt 60 poeng 10 vekers praksis

Ved gjennomført fagskuleutdanning skal studenten:

Kunnskap

  • har kunnskap om aldring, eldre si helse og om helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid for eldre
  • har kunnskap om kva som kjenneteikn den geriatriske pasienten og om korleis kompleksiteten gir konsekvensar for omsorgsutøvinga
  • har kunnskap om faglige verktøy i arbeidet med kartlegging av ressursar, behov, funksjonsnivå og helsesvikt hos eldre
  • har innsikt i verdiar og lovverk for helse- og omsorgssektoren, samt i nasjonale anbefalingar og retningslinjer for arbeid med og kvalitet på helsetenester til eldre
  • har kunnskap om organisering av eldreomsorg og kjennskap til ansvar og oppgåver for aktørar og samarbeidspartnaren i ulike pasientforløp
  • kan oppdatere sin kunnskap om eldre si helse og sjukdom, helsefremming, førebygging, rehabilitering og utøving av omsorg til eldre
  • forstår at eldre er en ressurs, og at helsefremjande og førebyggande arbeid blant eldre, og ein velfungerande eldreomsorg, bidreg til verdiskapning i samfunnet

Ferdigheiter

  • kan anvende kunnskap om helsefremjande og førebyggande arbeid til å rettleie eldre om livsstilsendringar og om mestring når helse og funksjonsevne endrar seg
  • kan anvende kunnskap om aldring, og om sykdom, skade og funksjonsnedsettelse hos eldre, til å kartlegge og identifisere ressursar og behov, funksjonsnivå og helsesvikt
  • kan anvende kunnskap om den geriatriske pasienten til å delta i behandling og rehabilitering, og til å planlegge og setje i verk tiltak som tek i vare brukaren sitt behov for pleie og omsorg
  • kan anvende kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt i samarbeidet med brukarar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
  • kan kartlegge tilstand, ressursar og behov hos eldre brukarar ved hjelp av standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy
  • kan kartlegge situasjoner i møte med eldre brukarar, og identifisere faglige og etiske problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytta til arbeid med eldre

Generell kompetanse

  • har forståing for yrkesetiske retningslinjer som regulerer yrkesutøving innan helse- og omsorgstenesta
  • har utviklet en etisk grunnholdning som kommer til uttrykk ved at han/hun tek i vare brukarmedverknad, den eldre brukaren sin integritet, og faglig forsvarlegheit
  • kan utføre helsefremmende, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og/eller lindrande omsorg etter den eldre brukaren sitt individuelle behov
  • kan bygge relasjonar med kollegaer, og på tvers av avdelingar og etatar i samarbeidet om tenestetilbodet til eldre brukarar
  • kan utvikle konkrete miljøtiltak for å betre kvaliteten på tenester til eldre
  • kan utvikle arbeidsmetodar og tenester til eldre, gjennom kunnskapsdeling, veiledning og etisk refleksjon på arbeidsplassen

Opplæring og omfang

Planen for utdanninga består av totalt fem emne; eit emne med generell innhaldsdel, tre faglige emne og eit hovedprosjekt. Opplæringa vil være en kombinasjon av klasseromsundervis­ning, praksis, prosjektrelatert arbeid / gruppearbeid /sjølvstudium. Opplæringa vert organisert som eit deltidsstudium over 2 år på dagtid. Undervisinga på skulen vert gjennomført med ein dag pr. veke.

Praksis

Praksis utgjer 10 veker og vert lagt til emne 4 og 5. Praksisperioden kan være på eigen arbeidsplass, eller på annan arbeidsplass. Vei­ledning i praksisperioden vil verte gjennomført av lærarar frå Fagskulen. I tillegg skal stu­denten få praksisveiledar på praksis­staden. Det vert stilt krav om minimum 90 % oppmøte for å bestå praksis. Praksisstad vert godkjent av skulen. Hovudprosjektet (emne 5) skal ta utgangspunkt i eit av dei områda studenten har arbeid med i løpet av praksisperioden.

Arbeidsformer

Opplæringa skal legge vekt på arbeids­former som fordrar aktiv deltaking frå studentane, og være nært knytt til studentane sine eigne erfaringar, problem­stillingar frå praksisfeltet, utfordringar i arbeidslivet og sentral teori.

Vurdering og kompetanse

Det blir gitt vurdering med karakter til kvart emne på bakgrunn av deltakaranes til­eigning av faget. Praksisperioden vurderast som greidd/ikkje greidd. Det vert utferda vit­nemål når alle emna er bestått.

Opptak

Grunnlag for opptak til eittårig fagskuleutdanning i helse og sosialfag:

  1. Fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev/vitnemål frå relevant yrkesutdanning frå vidaregåande skule.
  2. Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
  3. Det kan gjerast opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Ein gjer merksam på at søkjar som vert tatt inn på bakgrunn av realkompetanse ikkje vil kunne søkje autorisasjon innan helsefaga etter gjennomført studie.

Søknad

Søknad elektronisk på www.vigo.no innan søknadfrist 15.april.
Meir informasjon om innsøking finn du på skulen sine heimesider.

Opplæringa blir gjennomført etter nasjonal plan for fagskoleutdanning, «Helse aldring og aktiv omsorg»

Lenkje til den nasjonale planen: http://fagskolen.info/files/2015/05/fhh12_helse_aldring_og_aktiv_omsorg_m_lub.docx