KEM – Klima, energi og miljø

2-årig heiltidsstudium teknisk fagskule, alternativt over 3 år som nettbasert med samlingar.

Utdanning:

Kvifor verte fagskuleingeniør i KEM-faget

Med ei utdanning i KEM (Klima, Energi og Miljø i bygg) frå teknisk fagskule oppnår ein krysskompetanse som stadig vert viktigare.  Studiet gir ei heilskapleg forståing av byggeprosessen og dei tekniske installasjonane. Ein fagskuleingeniør innan KEM bidreg til å løyse viktige samfunnsoppgåver knytt til Klima, energi og miljø.

Moderne bygg vert teknisk meir og meir kompliserte, og behovet for energieffektivitet er aukande.  Energibruken og miljøbelastninga skal reduserast betydeleg utan at det går ut over inneklimaet.  Dette krev ei heilskapleg forståing for byggeprosessen og dei tekniske installasjonane.  På KEM-studiet ved teknisk fagskule får studentane den faglege djupna bransjen krev, og ein kompetanse marknaden er avhengig av.

Viktig for samfunnet

Fokuset på klima, miljø og energisparing i samfunnet er aukande, og byggenæringa har eit stort ansvar når det gjeld å lage bære kraftige og energisparande bygg.  Kunnskap om inneklima og energieffektive varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg er derfor viktig for å kunne drive på ein miljøvennleg måte.  Dette er kompetanse KEM-teknikarane set inne med, og studiet er dermed viktig for å kunne innfri samfunnet sine krav til grøne bygg.  Studiet erstattar den tidlegare fordjupinga i VVS-teknikk (Varme, ventilasjon og sanitær), og er meir tilpassa dagen sitt kompetansebehov.  KEM-linja er også meir praktisk retta enn VVs-fordjupinga.

Opnar mange dører
KEM-studiet gir opplæring i energi og miljø i bygg, vassboren varme- og kjøleanlegg, sanitærprosjektering, ventilasjonsanlegg, elektro og automasjon, kundebehandling/IKT og prosjekt­gjennom­føring. Med denne utdanninga vert ein godt kvalifisert til stillingar innan prosjektering, ­berekning og teikning, drift og vedlikehald av VVS-anlegg. Etter utdanninga har ein også kompetanse til å arbeide med byggesaksprosedyre, leiingsoppgåver i samband med installasjonsoppdrag, samt HMS- og kvalitetssikring. KEM-studiet opnar altså ei rekke spennande dører i yrkeslivet.

Tilrettelagt bransjens behov
Både VKE og Rørentrepenørene Norge (tidl.NRL) har hatt viktige roller i utviklinga av studiet, og KEM-linja er dermed tilrettelagt både for arbeidsmarknaden og byggebransjen sitt behov. Fagskulen har i tillegg hatt samarbeid med lokale bedrifter. Studentane har i hovudsak bakgrunn som kuldeteknikar og rørleggar, og får innblikk i kvarandre sitt fagfelt under utdanninga. Dette gir ein viktig krysskompetanse som gjør det mulig å sjå heilskapen i byggeprosjekta.

 

Gjennomføring av utdanninga:

Heiltidsstudie

Studiet går på dagtid over to år. Pr i dag får studentane 1064 timar undervisning 1.året, og 912 timar 2.året. I tillegg kjem eksamensperioder og prosjektveker.  Skuleåret går frå ca 15.august til ca 15.juni.

Undervisningstimane vert plassert frå måndag til torsdag. Fredag er det studiedag.

Samlingsbasert

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde, tilbyr 2-årig fagteknikarutdanning som nettbasert undervisning med samlingar, over 3 år.

Det er lagt opp til 6 samlingar for kvart skuleår. Samlingane går over tre dager med totalt 30 timar undervisning. Oversikt over vekenummer og dagar har skulen klart i forkant av kvart nytt skuleår.

I tilleg kjem prøve- og eksamensdagar. Mellom samlingane går kommunikasjonen mellom lærar og student elektronisk. Innleveringsoppgåver med tilbakemelding er ein viktig del av læreprosessen.

Det kravst og ein god del sjølvstudie mellom samlingane ved val av denne studieforma

Studieavgift for heile nettstudiet er på kr 48.000,- (for 120 studiepoeng). Studiet vert fakturert med 8000,- pr semester. (Ordinært heiltidsstudie er gratis).

 

Jobbar etter fullførd utdanning:

I aukande omfang vert nye bygg levert med større grad av integrerte tekniske anlegg. Dette stiller krav til at leiande personell har kunnskap om dei ulike anlegg slik at ein oppnår dei energi-, miljø- og klimakrava som myndigheiter og marknad til ei kvar tid krev.

Teknisk fagskule innan KEM gjer deg godt kvalifisert til å jobbe med prosjektering innan ventilasjonsteknikk, kjøleteknikk, varmeanlegg eller sanitærteknikk. Energivurdering av klimaanlegg (kjøle- og ventilasjonsanlegg) krev minimum kompetanse på teknisk fagskulenivå.

Arbeidsoppgåver kan også være sal, marknadsføring eller fagopplæring.

 

Opptakskrav:

Det generelle grunnlaget for opptak er:

·         Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev

·         Realkompetanse

·         Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan bli tildelt plass på vilkår               om bestått prøve.

For utdanning innan KEM vert det kravd fagbrev/sveinebrev frå eitt av følgjande utdanningsprogram:

 

·         Ventilasjons- og blikkenslagerfaget

·         Rørleggerfaget

·         Kulde- og varmepumpemontørfaget

·         Industrimalerfaget

·         Maskinteknikk

·         Industrimekanikerfaget

·         Industrimontørfaget

·         Industrirørleggerfaget

·         Malerfaget

·         Isolatør

·         Automatiseringsfaget

·         Elektrikerfaget

·         Betongfaget

·         Murerfaget

·         Tømrerfaget

·         Industrisnekkerfaget

·         Tak- og membrantekkerfaget

·         Klima, energi og miljøteknikk

·         Energimontør

 

 

Realkompetanse

Søkarar som ikkje oppfyller dei formelle krava til opptak, kan verte tekne inn som studentar på grunnlag av realkompetanse. Denne kompetansen kan vere nådd både gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar med meir. Søkjar må kunne levere dokumentasjon på relevante kvalifikasjonar. Dette kan for eksempel vere realkompetanse i felles allmenne fag tilsvarandelæreplanane i grunnkurs/VG1 og vidaregåande kurs 1/VG2 i yrkesfaglege studieprogram/programområde.

Praksis må vere på minst 5 år, og ha eit innhald som er relevant for den fagretninga det vert søkt opptak på. Praksis må dokumenterast.

Rektor vurderer realkompetansen med utgangspunkt i praksis, kvalifikasjonar på nivå 4 i NKR og læringsutbyttebeskrivelser.

 

Søknad:

Søknadsfrist 15.april
Elektronisk søknad. Bruk MinID for å søkje via vigo.no
Kopi av fagbrev og attestar skal sendast den skulen du har som førsteval.
Dokumentasjonen må være skulen i hende seinast 20.april

 

Fagskulepoeng/omfang av utdanninga:

Eit år heiltid på fagskulen gjev 60 fagskulepoeng, eit år på det nettbaserte studiet gjev 40 fagskulepoeng
Klima, energi og miljø er eit 2-årig studie og gjev til saman 120 fagskulepoeng.

 

Formell kompetanse etter utdanninga:

Fagteknikar (Fagskuleingeniør)

 

Jobbar etter fullførd utdanning

Som fagskuleingeniør innan KEM kan du jobbe innanfor en rekke felt

Entreprenørbransjen (rør - ventilasjon - automatisering):

·         Prosjektleiing

·         Anleggsleiing

·         Prosjektering

·         Kalkulasjon og anbodsberekning

·         Innkjøp

·         HMS/KS

·         Ferdigstilling, dokumentasjon og service

Rådgjevarbransjen (Rådgjevande ingeniør VVS)

·         Prosjekteringsleiing

·         Prosjektering

·         Prosjektoppfølging

·         Energirådgjeving 

Sal/marknadsføring

·         Teknisk sal

·         Prosjektoppfølging

Offentlig sektor

·         Saksbehandlar i teknisk etat

·         Driftsleder tekniske anlegg

·         Lærar i vidaregåande skule (med tilleggsutdanning pedagogikk)

·         Lærar i teknisk fagskole (med tilleggsutdanning pedagogikk)

 

Laboratorium:

Laboratorium leiger fagskulen pr i dag med Kuben i Oslo.  Skulen dekker utgiftene til reise og opphald. Planen er å ha på plass tilsvarande laboratorium i Førde-området innan kort tid, men før det er på plass så har vi leigeavtale med Kuben i Oslo.