Hopp til hovedinnhold

Maskinoffiser på leiingsnivå

Studentar som trykker på knappar på ei tavle

Utdanning til maskinoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste maskinoffisersertifikat (M1) etter gjeldande krav. Utdanninga går over to skoleår.

Studiestad: Måløy eller Nygård
Utdanningsform: 
Stadbasert, heiltid
Studiepoeng: 
120
Varigheit: 2 år
Studieplan: 
Måløy, Nygård

Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024

SØK HER!

Studiet er på 120 studiepoeng, og er ei fulltidsutdanning over 2 år. Bestått eksamen gir deg nødvendig kunnskap til å løyse sertifikat som maskinist, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som blir kravd for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet).

Ved studiestad Måløy er det mogleg å avslutte utdanninga etter eitt år, med  kompetansen som blir kravd for å løyse det lågaste sertifikatetet som maskinoffiser (M4) etter gjeldande krav.

Opptak

Alle søkarar må ha bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring IMO 60.

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • motormann/skipsmotormekaniker
  • realkompetanse
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.

Du må dokumentere:

  • Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (motormann). Relevant praksis kan være innenfor tekniske fagområder (verksted, mekanisk industri, elektroinstallasjon), teknisk planlegging, logistikk, eller sjøfart.
  • For opptak til maskinoffiserutdanninga må den relevante yrkespraksisen bestå av minimum 24 månader relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy (fiskebåt over 10,67 meter, eller andre fartøy over 15 meter).
  • Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.


Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her