Maskinoffiser på operativt- og leiingsnivå

Greidd eksamen frå fordjupingsområdet maskinoffiser gjev deg naudsynt kunnskap til å løyse sertifikat som maskinist/maskinsjef, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som krevst for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet)

Utdanninga er delt inn i 2 sertifikatnivå:

1. året: Klasse 4 (M4): Operativt nivå
2. året: Klasse 1 (M1): Leiingsnivå

I STCW-konvensjonen er krav til kompetanse, kunnskap og forståing delt inn etter funksjonar:
Funksjon 1:  Maskineri
Funksjon 2: Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar
Funksjon 3: Vedlikehald og reparasjonar
Funksjon 4: Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord
 
Fullstendig oversikt over emneplanane finn du her.

Når det gjeld fordeling mellom teori og praksis, legg skulen IMO modellkurs sine anbefalingar til grunn.

Bruk av simulator er ein del av undervisninga(maskinromssimulator).