Maskinteknikk

Utdanning:

Maskinlinja (som det heitte då) kom i gang i 1968. Den nye tekniske fagskulen her i landet starta denne hausten med 317 studentar fordelt på 11 utdanningsstader. Ein av dei var Førde. Utdanninga i Maskinteknikk har vore viktig for heile den mekaniske industrien i Sogn og Fjordane, inkludert konsulentverksemder o. l.

Utdanninga passar for/Målgruppe:

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått mekanisk linje (TIP) på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike mekaniske fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse.

Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot av denne type arbeidskraft.

Utdanningstilbod:  

Gjennomføring av utdanninga:

Studiet er basert på klasseromsundervisning, laboratorieøvingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar bruk av dataverktøy, sjølvstudie, prosjekt og utplassering. Der er spesifiserte arbeidskrav i alle emner, som må oppfyllast. Jfr.studieplan.

Jobbar etter fullført utdanning:

Mange utdanna Fagteknikarar går rett inn i mellomleiarjobbar eller ingeniørjobbar, mykje p.g.a. fordelen med at fagskulestudentar har praksis før dei tek den teoretiske påbygginga og dei kan såleis gå rett inn i jobbane utan den opplærings-perioden som ingeniørstudentane ofte må ha. Personar med denne utdanninga er særleg ettertrakta offshore. Utdanninga skal gje eit godt grunnlag for å møte utfordringar ein treff som fagleg ansvarleg, med vekt på leiing, økonomi og HMT i tillegg til maskintekniske utfordringar. 

Døme på jobbar etter fullført studie er:

  • Konstruktør
  • Arbeidsleiar
  • Sal/marknadsdsføring
  • Produktutvikling
  • Produksjonsplanleggar
  • Vedlikehald
  • Kvalitetssikring
  • Grunnlag for Faglærar i vidaregåande skule

Som mellomleder vil en fagtekniker kommunisere med alle nivåer i bedriften og en fagtekniker bør beherske minst et fremmedspråk så godt at faglig kommunikasjon kan foregå også utover landets grenser.

Opptakskrav:

Det generelle grunnlaget for opptak er:

  • Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev
  • Realkompetanse
  • Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve.

For Maskinteknikk er relevante fagbrev/sveinebrev frå programområdet teknikk og industriell produksjon (TIP).

Realkompetanse

Søkarar som ikkje oppfyller dei formelle krava til opptak, kan verte tekne inn som studentar på grunnlag av realkompetanse. Denne kompetansen kan vere nådd både gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar med meir. Søkjar må kunne levere dokumentasjon på at søkjaren har relevante kvalifikasjonar på nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Dette kan for eksempel vere realkompetanse i felles allmenne fag tilsvarandelæreplanane i grunnkurs/VG1 og vidaregåande kurs 1/VG2 i yrkesfaglege studieprogram/programområde.

Praksis må vere på minst 5 år, og ha eit innhald som er relevant for den fagretninga det vert søkt opptak på. Praksis må dokumenterast.

Rektor vurderer realkompetansen med utgangspunkt i praksis, kvalifikasjonar på nivå 4 i NKR og læringsutbyttebeskrivelser.

Poengutrekning og rangering ved opptak

Rektor regner ut poenga til kvar søkjar etter fylgjande kriterier:

  • Det generelle grunnlag for opptak punkt 1-3 gir 100 poeng
  • Det vert gjeve gjennomsnittleg karakterpoeng i alle fag på VG2 og relevant tverrfagleg eksamen
  • Praksis utover det generelle grunnlag for opptak, 1 poeng pr månad
  • Fartstid (tid om bord) 1 poeng pr månad
  • Fagprøve med «greidd, mykje godt», 25 poeng
  • Fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskravet, inklusive praksistid, 50 poeng

Ved lik poengsum vert det kjønn kvotert som er underrepresentert i det yrket/profesjon opplæringa skal føre fram til.

Søknad:

Søknadsfrist 15.april
Elektronisk søknad. Bruk MinID for å søkje via vigo.no
Kopi av Fagbrev og attestar skal sendast den skulen du har som førsteval.
Dokumentasjonen må være skulen i hende seinast 20.april

Fagskulepoeng/omfang av utdanninga:

Eit år på fagskulen gjev 60 fagskulepoeng.
Maskinteknikk er eit 2-årig studie og gjev til saman 120 fagskulepoeng.

Formell kompetanse etter utdanninga:

Fagteknikar.

Mål med Fagskuleutdanninga:

Dette er utdanninga for studentar med maskinteknisk bakgrunn og som ynskjer vidareutdanning. Maskinteknikk er ei fordjuping som har til hensikt å gje studenten ein god fagleg kompetanse i ei rekke viktige tekniske fag. Studentane skal kunne planlegge,  leie og kontrollere eigne arbeidsoppgåver og rettleie andre dersom dei gjer oppgåvene.  Ein utdanna fagteknikar skal vere i stand til å uføre oppgåvene innanfor gitte krav og spesifikasjonar og rettleie andre dersom arbeide ikkje er tilfredstillande utført.

Studenten skal kunne vere med på å utvikle nye produkt med betre materialeigenskapar (f.eks, raskare, sterkare, lettare eller billegare). Kandidaten skal kjenne bransjen si utvikling innan materialomforming og energiprosessane i samfunnet,  foreksempel; biler, båtar og fly, masseproduksjon av konsum- og investeringsvarer, nye energiløysingar, komposittmateriale osv. For å kunne bidra i denne utviklinga må ein fagteknikar ha ein solid praksis og oppdatert teoretisk utdanning for å kunne løyse oppgåver innafor fleire teknologiar som stadig er i utvikling.

Utdanninga skal gje rom for at studenten får utvikle seg. Gjennom fordjupingsfaga får studenten et godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverknad- og konstruksjonsteknikk, verkstadteknisk automatisering og dataassistert konstruksjon. Gjennom prosjektarbeid og hovudprosjekt blir det lagt vekt på å utvikle evnene til å kombinere teoretiske og praktiske ferdigheter. Målet er at ein kan fylgje ein idé til konstruksjon og ferdig produkt.

Etter gjennomført fagskuleutdanning i maskinteknikk har studenten:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om vedlikehaldsrutinar, konstruksjon, berekning, termodynamikk og automasjonsprosessarinnanfor maskinteknikk
  • kan vurdere eige arbeid i forhold til gjeldande normer, standardar og krav innan maskinteknikk
  • har kunnskap om materialomforming og energi- og produksjonsprosessar generelt og kan dermed arbeide i ei rekkje ulike bransjar
  • kan oppdatere dei yrkesfaglege kunnskapane sine innan maskinteknikk
  • kjenner til teknikk og industriell produksjon si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan gjere greie for sine faglege val innanfor gjeldande standardar, direktiv, normer og føreskrifter
  • kan konstruere, visualisere og utarbeide produksjonsunderlag tilpassa ulikt produksjonsutstyr
  • kan planlegge og utføre arbeidet etter bransje- og myndigheitskrav, kvalitetsikringssystem/HMT og slik ivareta eigen og andre sin tryggleik
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid enten det gjeld planlegging, produksjon eller dokumentasjon, og kan justere dette under rettleiing
  • kan finne, vise til og vurdere informasjon og fagstoffmed maskinteknisk relevans
  • kan kartlegge og identifisere problemstillingar, og sette i verktiltak i eit maskinteknisk system

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver på maskinteknisk anlegg, åleine eller i team/gruppe, innanfor gjeldande føreskrifter og normer, i tråd med etiske krav og retningslinjer, og ut frå eit miljøperspektiv
  • kan arbeide i team som har ansvar for dokumentasjon, sikkerhet, kvalitet, økonomi og teknikk i fleire fag
  • kan bygge relasjonar med fagfolk frå andre bransjar og andre eksterne grupper
  • kan utveksle synspunkt med andre som har maskinteknisk bakgrunn og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis og leiing
  • kan bidra til utvikling av organisasjonen saman med under- og overordna personale, og med samarbeidande bransjar