Deltid/Samlingsbasert teknisk fagskule (SN)

Ei fagteknikarutdanning består av forskjellige emner på til saman 120 fagskulepoeng. Nokre emner er like for alle studieretningar i teknisk fagskule. Vidare er der grunnlagsemner for kvar studieretning, fordjupingsemner og hovudprosjekt som kjem mot slutten av studiet.

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde, tilbyr no 2-årig fagteknikarutdanning innan anlegg, bygg, KEM, automatisering, maskinteknikk, elkraft med samlingsbasert undervisning over 3 år. Det er lagt opp til 6 samlingar pr. skuleår. Kvar samling går over tre lange dagar (kl.08.30-18.00), mandag, tirsdag og onsdag. I tilleg kjem prøve- og eksamensdagar. Mellom samlingane går kommunikasjonen mellom lærar og student elektronisk, via Internett. Innleveringsoppgåver med tilbakemelding er ein viktig del av læreprosessen. 

Nokre studentar på samlingsbasert undervisning får nytte litt av arbeidstida i bedrifta si til skulearbeid. Dette vil vi sterkt ambefale, for å få godt resultat i utdanninga, noko som vil komme bedrifta tilgode, på sikt.

Studieavgift for heile studiet (120 fagskulepoeng), er på 48.000 kroner, fakturert med 8000 kroner pr. semester (halvår).

For studentar som tek enkeltemner er avgifta 400 kroner for kvart fagskulepoeng.

 

Oversikt over samlingsveker