Deltid/Samlingsbasert teknisk fagskule (SN)

Ei fagteknikarutdanning består av forskjellige emner på til saman 120 fagskulepoeng. Nokre emner er like for alle studieretningar i teknisk fagskule. Vidare er der grunnlagsemner for kvar studieretning, fordjupingsemner og hovudprosjekt som kjem mot slutten av studiet.

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde, tilbyr no 2-årig fagteknikarutdanning innan anlegg, bygg, KEM, automatisering, maskinteknikk, elkraft med samlingsbasert undervisning over 3 år. Det er lagt opp til 6 samlingar pr. skuleår. Kvar samling går over tre lange dagar (kl.08.30-18.00), mandag, tirsdag og onsdag. I tilleg kjem prøve- og eksamensdagar. Mellom samlingane går kommunikasjonen mellom lærar og student elektronisk, via Internett. Innleveringsoppgåver med tilbakemelding er ein viktig del av læreprosessen. 

Nokre studentar på samlingsbasert undervisning får nytte litt av arbeidstida i bedrifta si til skulearbeid. Dette vil vi sterkt ambefale, for å få godt resultat i utdanninga, noko som vil komme bedrifta tilgode, på sikt.

Studieavgift for heile studiet (120 fagskulepoeng), er på 48.000 kroner, fakturert med 8000 kroner pr. semester (halvår).

For studentar som tek enkeltemner er avgifta 400 kroner for kvart fagskulepoeng.

 

Veker for samlingar 2018-2019

1.Bygg, 1.Anlegg, 1.KEM, 1.Elkraft: 35,40,47,3,9 og 14.

1.Maskin, 2.Maskin, 2.Elkraft: 36,42,48,4,10 og 15.

2.Bygg, 2.Anlegg, 2.KEM, 3.Elkraft: 37,43,49,5,11 og 17.

Skulestart nye studentar 2018.

Dei nettstudentane som har høve til det, kan møte til ordinær skulestart måndag 20.august kl.10.00, og delta på fellesorienteringar med heiltidsstudentane.

Ein vil då også etablere brukarrettar til undervisningsplattforma Fronter, samt litt opplæring i Fronter / Teams.

Dei nettstudentane som ikkje kan møte denne dagen, bør ta kontakt med skulen for å få brukarrettar til datasystema som skulen brukar (Registrere i FEIDE), før første samling (sjå oversikt over).  Linken til Feideregistrering ligg på heimesida vår under lenkjer, men du treng ei personkode frå skulen for å få registrert deg. Det er heller ikkje mulig å få registrere seg der før tidlegast ei veke før skulestart. Andre og tredjeårs-studentar skal kunne bruke dei tilgangane dei fekk første året, og treng normalt ikkje tenkje på dette.

Vel møtt og lykke til.