Studieplassar ved Fagskulen i Sogn og Fjordane:

Førde:

Maskinteknikk – Bygg – Anlegg - Klima Energi og Miljø – Elkraft – Automatisering. 2-årig teknisk fagskule, heiltid, eller samlingsbasert nett over 3-år

Psykisk helsearbeid - Helse, aldring og aktiv omsorg. 1.årig fagskule, deltid over 2-år

Maritim avdeling Måløy:

Maskinoffiser  - 2-årig utdanning, heiltid
Dekksoffiser   - 2-årig utdanning, heiltid

Du må søke elektronisk via:

                                 vigo.no

Søknadsfrist 15.april

Søker du etter at søknadsfristen er ute, kan du bruke knappen «Søk på ledig studieplass» Dokumentasjon på fagbrev/praksis skal sendast til:  postmottak.fagskulen@sfj.no

Desse søknadane vert ikkje behandla før etter at fellesopptaket er ferdig, rundt første halvdel av juni. 

 

 

 

Inntakskrav:

  1. Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev
  2. Realkompetanse
  3. Søkjarar som kan dokumentere at de skal gjennomføre relevant fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan tildeles plass på vilkår om bestått prøve.

Realkompetanse

Søkarar som ikkje oppfyller dei formelle krava til opptak, kan verte tekne inn som studentar på grunnlag av realkompetanse. Denne kompetansen kan vere nådd både gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i orgajnisasjonar med meir. Søkjar må kunne levere dokumentasjon på at søkjaren har relevante kvalifikasjonar på nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Dette kan for eksempel vere realkompetanse i felles allmenne fag tilsvarande løreplanane i grunnkurs/VG1 og vidaregåande kurs 1/VG2 i yrkesfaglige studieprogram/programområde.

Praksis må vere på minst 5 år, og ha eit innhald som er relevant for den fagretninga det vert søkt opptak på. Praksis må dokumenterast.

Rektor vurderer realkompetansen med utgangspunkt i praksis, kvalifikasjonar på nivå 4 i NKR og læringsutbyttebeskrivingar.