Studiestaden Førde

Førde er fylkessenter i Sogn og Fjordane og er den største kommunen i Sogn og Fjordane. Førde vart by i 1997. Førde har størst varehandel pr. innbyggjar i heile landet, og sentrum er prega av store varehus. Kommunen vart peika ut som vekstsenter av Staten i 1965, og fekk stor hjelp til etablering av industri og kulturtilbod som t.d. Førdehuset, Sogn og Fjordane teater og NRK Sogn og Fjordane.

Av offentlege arbeidsplassar i Førde kan vi nemne Sentralsjukehuset, Lotteri- og stiftelsestilsynet, kulturavdelinga til fylkeskommunen, landbruksavdelinga m.m.

Her er folkehøgskule, tre vidaregåande skular, sjukepleie- og ingeniørutdanning m.m.

Førde ligg sentralt i fylket, med gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet, med buss eller fly. Det tek berre ca. 50min. med bil på god veg til kyst- og oljebyen Florø. Florø er omtrent på størrelse med Førde, og har anløp av hurtigruta og ekspressbåt til og frå Bergen to gongar pr dag.

Her er godt organisert studentmiljø (Fagskule-Sjukepleie-Ingeniør) og mange spennande fritidsaktivitetar, som gokart, bowling, kjakk, sykkel, paragliding, klatring, judo, symjing, vektløfting, div.treningsstudio, fotball, handball, sandvolleyball, volleyball, friidrett, skisport m.m. Av kulturtilbod kan vi nemne kino, teater, Førdefestivalen og Sommarfesten. Her er også flyklubb og veteranbilklubb. Sjå meir komplett liste.