Måløy liv hilde.jpg

Måløy

Måløy ligg på sørsida av øya Vågsøy og er største tettstaden i ytre Nordfjord, med ca.3000 innbyggjarar. Måløy fekk bystatus i 1997. Byen er  kommunesenteret for Vågsøy kommune, som har eit samla innbyggjartal på ca 6000. Måløybrua, som var ferdig og opna av Kong Olav V i 1974, forbind Vågsøy med fastlandet. Ved opninga var brua den lengste i landet.

Måløy er også kjent for Måløyraidet i desember 1941, der norske og allierte styrkar angreip  den tyske garnisonen i Måløy. Kaptein Martin Linge, som leia den norske styrken,  falt under dette raidet, som einaste nordmann. Det er reist 2 monument i Måløy til minne om Linge og allierte falne under Måløyraidet.  På Måløyraidsenteret ( http://maloyraidsenteret.no/ ) kan du lese og sjå meir om dette. 

Industrien i Måløy, forutan handel, har vore basert  på fiskeri og fiskeprodukt. Tidlegare låg  mange av  bedriftene langs hamna i Måløy. Dei siste åra har det minka på fiskeindustribedrifter i Måløy sentrum,  men i dag finn ein fleire fiskerirelaterte bedrifter og skipsverft i området rundt Måløy. Positivt er det også at unge inovatørar og gründarar har starta fleire bedrifter innan ny teknologi i området. 

http://opplevmaloy.no/

Meir om Måløy og Vågsøy