Vil du lære å kjenne dei ulike smakane i norsk sider? Treng du kompetanse som energirådgjevar? Eller vil du vere den som held styr på at havbruksoperasjonar går som dei skal?
Fagskulen Vestland har oppstart på ei rekke spennande studium vårsemesteret 2024. Fleire av utdanningane har oppstart i januar.
Leiing i havbruksoperasjonar
Utdanninga skal utdanne personell på leiingsnivå til sjøbasert servicenæring, der leiing, sikkerheit og fiskevelferd er sentrale områder i opplæringa.
Energirådgjevar
Myndigheitene stiller stadig nye krav til energiøkonomisering i bygg. Med denne utdanninga får du 10 studiepoeng som gjev deg kompetanse som energirådgjevar.
Sirkulær økonomi og ombruk
Byggebransjen har eit stort behov for fagfolk for å møte krav til berekraftig forbruk av ressursar. Ta 10 studiepoeng innan det høgaktuelle fagfeltet sirkulær økonomi og ombruk.
EX-elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege områder
Fagskulen Vestland tilbyr no ein utdanningsmodul innan «EX - elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege områder»
Robotteknologi og digital produksjon for industrien
Brenn du for nyvinningar som robotteknologi og digital produksjon? Ynskjer du å lære korleis sensorar og robotar fungerer i industrien? Då er dette kurset midt i blinken for deg. Kurset gjev 10 studiepoeng.
Pommelier
Stadig fleire lagar – og kjøper – norsk sider. No har sidernæringa stort behov for fagfolk som kan jobbe med skildring, klassifisering og bruk sider.