Hopp til hovedinnhold

Kostnader


Lurer du på kor mykje det kostar å studere ved Fagskulen Vestland? Vi har samla infomasjon om dette på denne sida.

Studentane må sjølv dekke kostnader knytt til bøker, kalkulator, PC, lisensar, osv.

Fagskulen Vestland er medlem i studentsamskipnaden på Vestlandet Sammen.


Alle studentane skal betale semesteravgift til Sammen, avgifta er sett til kr 550,- pr semester. Fagskulen fakturerer studentane etter studiestart for semesteravgift.

sammen.JPG
Heiltids- og deltidsutdanningar:

Studentar ved heiltids- eller deltidsutdanningane har ikkje utgifter utover semesteravgifta.

Studieavgift for nettbaserte utdanningar:

Studentane som tar ei nettbasert utdanning vil bli, i tillegg til semesteravgifta, fakturert kr. 3 000,- pr. semester. 

Utdanninga lokal matkultur vert unntatt frå denne avgifta.