Bruk av kunstig intelligens (KI)
Utviklinga innan kunstig intelligens (KI) går raskt, og vi veit at mange av dykk allereie brukar slike verktøy i studiekvardagen. Fagskulen Vestland oppmodar til ansvarleg og lovleg bruk av KI i studiekvardagen og på eksamen.
Kva er KI – og korleis bør du bruke det?
Kunstig intelligens (KI) er dataprogram som er trent til å kjenne igjen mønster og løyse oppgåver som normalt krev menneskeleg tenking, som å forstå tekst, svare på spørsmål eller skrive innhald.
Med kunstig intelligens (KI) siktar vi i denne samanhengen fyrst og fremst til store språkmodellar. Eksempel på kjende språkmodellar er ChatGPT, Copilot og Gemini. Desse verktøya kan generere tekst, oppsummere informasjon, foreslå ideer og svare på spørsmål berekna ut frå mønster i enorme tekstmengder.
Dei kan vere nyttige hjelpemiddel, men har avgrensingar. Dei har ikkje menneskeleg forståing av innhaldet dei lagar, og kan gjere feil.
Fagskulens retningslinjer for anbefalt bruk:
- Støtte, ikkje erstatning: bruk KI som støtte, ikkje som erstatning for eige arbeid.
- Openheit: Ver open om når og korleis du har brukt KI i arbeidet ditt. Vis tydeleg kva hjelp verktøyet har gitt deg.
- Eige ansvar: Du har sjølv ansvar for fagleg innhald, vurderingar og konklusjonar i oppgåver.
- Kjeldekritikk og faktasjekk: Informasjon frå KI-verktøy skal alltid etterprøvast mot pålitelege og uavhengige kjelder. KI-en kan vere eit supplement for å forstå tema, pensum og terminologi, men verktøyet gjer feil.
- Personvern og opphavsrett: ta omsyn til personvern og opphavsrettar. Du skal ikkje leggje inn sensitive personopplysningar eller opphavsrettsleg verna materiale i KI-verktøy utan godkjenning.
Unngå mistanke om plagiat og fusk
Viss emnet ditt opnar for det, kan du bruke kunstig intelligens (KI) til oppgåver og innleveringar. Reglane for bruk av KI vil variere mellom fag og oppgåver. Spør alltid faglæraren viss du er usikker på kva som er tillate.
All bruk av KI-verktøy ved skriftelige oppgåver og innleveringar, må tydelig oppgis i besvarelsen. Manglende opentheit om bruk av KI kan regnes som fusk. Forsøk på fusk kan få alvorlege følgjer for studiane dine. Sjå «Retningslinjer om fusk og kjeldebruk» på vurderingssida.
Slik refererer du til bruk av KI ved Fagskulen Vestland (lenke kjem)
Vi tilrår at du brukar KI-verkøya som er godkjent av Fagskulen, då er dataa dine verna. Logg inn via skulebrukaren din. Når du loggar inn med skulebrukaren din, blir korkje personopplysningar eller data du legg inn delte vidare, og samtalane vil heller ikkje bli brukte til å trene framtidige modellar.
Korleis bruke KI-verktøy utan risiko for fusk?
Dersom emnet opnar for at KI-verktøy er tillate hjelpemiddel, kan du nytte det til:
-
Idémyldring og struktur: Få forslag til disposisjon, tema eller struktur på oppgåva di.
-
Språkvask og korrektur: Forbetre språket, sjekke grammatikk og rette skrivefeil i tekst du har skrive sjølv.
-
Forklaring av fagstoff: Få forenkla forklaringar eller dømme på vanskelege omgrep og teoriar.
-
«Sparringspart» og tilbakemelding: Teste ut eigne argument og få innspel til korleis teksten din kan bli betre.
-
Kode og feilsøking: Få hjelp til å forstå kode, finne feil i eigen kode eller forklare skript (dersom dette er relevant for emnet)
Du kan ikkje bruke KI til å:
- Levere KI-generert tekst som ditt eige arbeid utan tilstrekkeleg kjeldehenvisning (kopiere tekst frå KI utan å oppgje bruken)
- Det er ikkje tilrådd å bruke påstandar eller argumentasjon frå KI utan å sjekke kjeldene sjølv, då KI-genererte svar kan innehalde feil.
Personvern og bruk av KI-verkøy
Personopplysningar er opplysningar som gjer det mogleg å identifisere ein person, anten åleine eller saman med andre opplysningar. Det kan vere alt frå namn og fødselsnummer til ting som IP-adresse og bilete.
I Noreg er det GDPR – på norsk kalla personvernforordninga – som regulerer personvernet. Dette er eit regelverk vedteke av EU, og det set rammene for korleis personopplysningar kan behandlast, lagrast og brukast. Du finn lova i sin heilskap på Lovdata.
Når du bruker KI-verktøy, vert informasjonen din send over internett til eksterne serverar. Du har sjølv ansvar for å vurdere om verktøyet er trygt og i tråd med regelverket, slik at data ikkje havnar i gale hender eller vert misbrukte.
Har skulen ein databehandlaravtale for verktøyet, er det trygt å behandle ordinære opplysningar som namn og eksamenssvar. Sensitive personopplysningar (som helse, religion og politisk oppfatning) skal du ikkje dele med KI-tenester.
Opphavsrettsleg materiale
Du må respektere opphavsretten når du bruker KI-verkøy. Det å laste opp låste artiklar eller verna materiale i eit KI-verktøy kan føre til at innhaldet vert spreidd eller brukt til å trene modellen. Dette kan gjere stoffet tilgjengeleg for andre eller bygge det inn i modellen, noko som bryt opphavsretten og kan få juridiske og økonomiske følgjer.
Korleis store språkmodellar eigentleg fungerer
Store språkmodellar er mønstergjenkjennere, ikke faktaoppslagsverk
Språkmodeller er avanserte statistiske verktøy. Når en modell genererer tekst, beregner den kontinuerlig hvilket ord (eller token) som er mest sannsynlig at følger etter det forrige, basert på mønstre i treningsdataene sine.
Mangel på reell forståelse
Modellene har ingen bevissthet, erfaringer eller indre tankeliv. De forstår ikke betydningen av ordene på samme måte som et menneske. Modellane er "eksperter" på å manipulere språkets struktur og sammenhenger uten å «skjønne» innholdet.
Kilde til feil (hallusinasjoner)
Fordi målet til modellen er å skape en tekst med god flyt og høy sannsynlighet, kan den presentere feilaktige opplysninger med stor selvtillit. Hvis en usannhet høres sannsynlig ut i sammenhengen, vil modellen ofte velge den.
Hugs! Du vert ein betre fagperson om du brukar KI-verktøy som ei støtte og ikkje til å gjere sjølve tankearbeidet for deg! Bruk det som eit hjelpemiddel og verkøy, ikkje som ein kunnskapskjelde. KI er ikkje ein trygg kjelde å stole på, og andre kan ikkje finne tilbake til svaret for å sjekke innhaldet.