- Kjekke folk og gode lærarar i Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi

Katrine og Nils draumar om eigen gard.d

– Vi vil anbefale denne utdanninga til alle yngre bønder som vil satse på kyr. Det finst ikkje betre kurs å ta, slår Nils og Katrine fast. Dei er halvvegs i den samlingsbaserte utdanninga til Fagskulen Vestland, der dei lærer alt som trengst for å lukkast som mjølkebonde.

Bergensaren Nils har ikkje alltid drøymt om å bli bonde.

– Men Katrine, som kjem frå gard på Voss, fekk meg med på å spele Farming Simulator. Det var nok det som vekte interessa mi for gardsdrift, avslører Nils. Då hadde kjærasten lenge prøvd å få han hekta på gardslivet. No sit han på kroken, og har funne ut at røyndomen er meir spennande enn spelet.

– Då vi møttest for fem år sidan, var han ikkje så interessert, fortel Katrine. – Men no er han blitt ein heilt annan person, han er flink med både traktor og utstyr! Eg er mest oppteken av dyr og fysiologi, så vi utfyller kvarandre godt.

Katrine Isabel Jensen (23) og Nils Høegh-Krohn  (24) går på Fagskulen Vestland si utdanning i mjølkeproduksjon med bruk av robot-teknologi. Nils har agronomutdanning frå før, medan Katrine er utdanna blomsterdekoratør.  Noko røynsle med praktisk gardsdrift har dei begge, frå garden til Katrine si mor.

Kunnskapsdeling og nettverk

– Alle i klassa har mykje å bidra med, vi har gode diskusjonar, seier Nils. – Ja, det er kjekke folk og gode lærarar, legg Katrine til. – Og Ole Johnny, hovudlæraren vår, kjenner masse bønder og heile omsetnadskjeda i landbruket. Han har laina opp mange kunnskapsrike folk til oss!

Ole Johnny i fjøset.jpg

Det unge paret har ei tid vore på leit etter sin eigen gard, men det er mykje som skal stemme før dei slår til. Ho kjem frå Voss og han frå Bergen, og helst vil dei ikkje bu så langt frå familien.

Draumen er ein gard med kvote og dyr, med nok leigejord som gjev rom for ekspansjon.  Men mange bruk som er til sals, er nedslitne og gamaldagse, eller mjølkekvote og dyr er selde. Det må investeringar til uansett kvar dei finn sin eigen gard.

– Innovasjon Norge kan hjelpe oss eit stykke på veg, påpeikar dei to. – Men vi er førebudde på at vi må ta opp mykje lån.

Det gode bondeliv med robotfjøs

ku blir kostet.jpg

– Lausdriftfjøs med robot-teknologi gjev ein heilt annan måte å jobbe på. Bonden får ein meir fleksibel kvardag, og ofte vert avdråtten også betre, seier Ole Johnny Fjorden Solberg. Han er hovudlærar ved Fagskulen sitt utdanningstilbod på Mo i Sunnfjord kommune. – Ein gamaldags mjølkebonde må opp og gå i fjøset klokka sju om morgonen og seks om ettermiddagen. Med robotfjøs kan ein organisere arbeidsdagen meir som ein vil.

ku blir mjølket av robot.jpg

Det første kullet frå den nye utdanninga går ut våren 2022. Då har dei i løpet av to år gjennomført ei samlingsbasert deltidsutdanning som gjer dei godt rusta til å drive mjølkeproduksjon med robot-teknologi. Dei fleste som byrjar her, har alt grunnutdanning som agronomar. Studentane kjem frå heile landet, men flest er det frå Vestlandet, Jæren og Trøndelag. I løpet av eitt år deltek dei på åtte samlingar her på Mo, og får «hands-on»-læring i fjøset på skulen. Dei får kost og losji i skulen sitt internat. Samlingane er lagt til tidspunkt då det verken er tid for våronn eller slåttonn, slik at ein kan drive som bonde medan ein vidareutdannar seg. Vårsemesteret er slutt når påska kjem.

Fagfolk i toppklasse

– Utdanninga er ikkje så spissa mot robotfjøs som ein kanskje skulle tru, påpeikar Fjorden Solberg. – Mykje av læringa er direkte overførbar til båsfjøs. Det handlar om fôring og fysiologi, jordarbeid og konservering av grovfôr. Men kravet om lausdriftfjøs er på veg inn i landbruket for full tyngd, og då er det over og ut for gamaldagse båsfjøs.

Fjorden Solberg tek mykje av undervisninga sjølv, men dreg også inn fagressursar som NRL, Tine og Nortura. – Førre samlinga var det NIBIO som hadde nesten all undervisninga. Då handla det mykje om grasartar, jord og klimagass, legg han til. – Det er fint å kunne leige inn fagfolk som jobbar med slike tema til dagleg og er fullt oppdatert.

Ein gard å selje?

– Dersom nokon har ein gard å selje som kunne passe for oss, er det berre å ta kontakt på e-mail nilshk@hotmail.no, seier dei to studentene i Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi.