Hopp til hovedinnhold

Etterpurt høgare yrkesfagleg utdanning

Jørgen Mo stortrivast på studiet i robotteknologi og digitalproduksjon i industrien.

Fagskulen Vestland tilbyr eit stort mangfald av utdanningstilbod. Ein av dei som har funne sitt draumefag, er Jørgen Mo, som studerer robotteknologi og digitalproduksjon i industrien, og meiner han veit kvifor:

– Éin ting er at det er framtidsretta, men moglegheita for å jobba med noko teknisk avansert og potensialet for utvikling appellerer til meg. Eg er opptatt av å skapa noko og finna nye måtar å gjera ting på, så då eg fekk moglegheita for å utvikla meg innan eit så kreativt felt, greip eg den, fortel han.

Mogleg å gå vidare

Sjølv går han med ein etablerer i magen, med trong til å gi seg i kast med innovative løysingar, kanskje noko i samband med miljø eller helse, og ein industri som speler på lag med naturen. Han er klar på at studiet gir mange moglegheiter.

– Vi får ei svært allsidig tilnærming til faget, og brei forståing for alt frå oppbygginga til grunnstoff til programmering, og korleis system verkar saman. Det er eit godt utgangspunkt for seinare spesialisering – eller til å gå rett ut i arbeid.

Bildet fabrikk2.JPG

Rett inn i leiande stillingar

Ifølgje Jørgen består opptakskravet ved fagskulane av relevant fagbrev eller tilsvarande realkompetanse, men nesten like viktig er interesse for faget.

– Den gir ei allsidig tilnærming til arbeidslivet. Du kan gå inn i ei bedrift og vera teamleiar, sidan leiing, økonomi og marknadsføring i tillegg til prosjektstyring og HMS er inkludert i alle faga, slik at vi alt som nyutdanna kan administrera prosjekt. Etter ferdig utdanning får vi tittelen fagskuleingeniør/ høgare fagskulegrad.

Opnar for ledige studieplassar

Nå er det opna for ledige studieplassar. Søk gjennom samordna opptak Studiet er nettbasert, og gir 120 studiepoeng. Etter studiet vil ein vere kvalifisert til å søka stillingar i følgjande bransjar: kjemisk-, mekanisk-, farmasøytisk- og næringsmiddelindustri og dessutan oljeverksemd, logistikk og lagersystem.

 

Les meir om studiet her.