Frå 31. mai kan du søke på ledige studieplassar.
30. mai legg Samordna opptak ut ei oversikt over ledige studieplassar på fagskulane.
Frå 31. mai kl. 09.00 kan du søke på dei ledige studieplassane. Det blir løpande opptak, noko som vil seie at du må søke så raskt som mogleg frå dette tidspunktet.
Du kan sjå dei ledige studieplassane og søke på dei ved å klikke her.
Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg, og det kan kome nye studium på lista etter 30. mai.