Studielån og stipend:
Alle utdanningane ved Fagskulen Vestland er NOKUT-godkjente, og studentane kan søkje om lån og stipend i Lånekassen.

Anna kurs gir ikkje støtte i Lånekassen.
Kostnader:
Studentane må sjølv dekke kostnader knytt til bøker, kalkulator, PC, lisensar, osv.
Fagskulen Vestland er medlem i studentsamskipnaden på Vestlandet Sammen.
Alle studentane skal betale semesteravgift til Sammen, avgifta er satt til kr 550,- pr semester. Fagskulen fakturerer studentane etter studiestart for semesteravgift.

Heiltids- og deltidsutdanningar:
Studentar ved heiltids- eller deltidsutdanningane har ikkje utgifter utover semesteravgifta.
Studieavgift for nettbaserte utdanningar:
Studentane som tar ei nettbasert utdanning vil bli, i tillegg til semesteravgifta, fakturert kr. 3 000,- pr. semester.
Utdanninga lokal matkultur vert unntatt frå denne avgifta.