Grøne fag og lokal matkultur

Arborist

Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er aukande. Fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen i anbod på vedlikehald av tre / grøntanlegg. Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Hjeltnes.

Lokal matkultur

Interessa for lokal mat aukar, både innan næringa og hos forbrukarane. Fagskulen Vestland tilbyr fagskuleutdanning - Lokal matkultur - for dei som ønskjer ei heilskapleg utdanning innan den lokale gastronomien. Kjerna i utdanninga byggjer på kunnskap om matkvalitet, matproduksjon, matkultur og mattradisjon. Studentane får ei opplæring med fokus på lokal matkultur, med eit breitt fundament i kulturarven til det nordiske kjøkkenet. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Hjeltnes.

Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi

Hovudmålet er at utdanninga skal vere framtidsretta med hovudvekt på teori i praksis. Studentane skal etter avslutta utdanning forvalte eigne landbruksføretak eller kunne gi gode råd etter næringa og samfunnets behov. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Førde.