Hopp til hovedinnhold

Dette studiet er tverrfagleg, og skal gi eit felles fagleg grunnlag for studentar frå helse-, omsorgs- og velferdsyrka, men også frå teknologiyrka. Erfaringar frå kommunar som har jobba systematisk med innføring og bruk av velferdsteknologi, peikar på at kunnskapsbasert samarbeid og samhandling er nøklar til å lykkast med velferdsteknologi.

Studiestad: Nettbasert
Utdanningsform: 
nettbasert, deltid
Studiepoeng:
30

Utdanna studentar frå studium i velferdsteknologi skal kunne delta i planlegging, vurdering, innkjøp, implementering, utvikling og bruk av velferdsteknologiske løysingar i kommunale tenester, i samarbeid med brukarar og pårørande.

Utdanninga passar for/målgruppe

Utdanninga passar for dei som vil jobbe med velferdsteknologi i institusjonar som barnehage, skule, SFO, barnebustad, omsorgsbustad, sjukeheim, heimeteneste, psykiatri, rusomsorg. Den passar for dei som er vaktmeister og byggdriftar, på tenestekontor og i responssenter. I tillegg i alle andre samanhengar der velferdsteknologi er ein vesentleg del av arbeidsområdet til ein fagarbeidar.

Gjennomføringsmodell for nettstudie er slik

Studiet er tilpassa deg som er i jobb. Det vert nettsamlingar, 3 ettermiddager kvar 3. veke. Studiet er på 30 studiepoeng, svarande til seks måneders fulltidsstudium. Studiet vert gjennomført på deltid over eitt år.

Du kan studere på følgjande måtar:
- Frå pc i din eigen heim, der du bur i landet.
- Utdanningshubar i din eigen kommune. Ein utdanningshub er eit fysisk læringsmiljø i eit lokalsamfunn der læringsressursar blir tilført digitalt frå Fagskulen Vestland.

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.

Relevante fagbrev er:
Aktivitørfaget
Ambulansefaget
Automatiseringsfaget
Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Byggdrifterfaget
Dataelektronikarfaget
Elektrikarfaget
Elektroreparatørfaget
Helsearbeiderfaget
IKT-driftsteknikarfaget
IKT-servicefaget
IKT-tjenesteutviklarfaget
Kontor- og administrasjonsfaget
Ortopediteknikkfaget
Produksjonselektronikarfaget
Reinhaldsoperatørfaget
Tavlemontørfaget
Telekommunikasjonsmontørfaget

Vitnemål som hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar kvalifiserer til opptaket.

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

Detsom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.