Fagskulen Vestland tilbyr aktuelle bransjemodular og korte utdanningar for industrien utvikla i tett samarbeid med industri og næringslivet i Vestland. Ved gjennomført og bestått kurs kan du vise til spissa kompetanse innan det aktuelle fagfeltet.
Industrifagskulen er eit tilbod som har kome til via bransjeprogrammet for industri og bygg. Bransjeprogrammet skal syte for å øke kompetanseutviklinga, og er etter initiativ frå regjeringa. Du kan lese meir om dette på norsk industri sine nettsider.
Dei fleste av desse kursa og bransjemodulane gjev studiepoeng når ein har gjennomført og bestått. Industrifagskulen er eit gratis tilbod, og dei fleste av kursa foregår på nett for fleksibel gjennomføring.
Tilgjengelige kurs
Plast og kompositt
Dette kurset passar for deg som ynskjer auka kompetanse om desse lettvektsmateriala. Du vil få ei innføring i blant anna; råvarer, bruksområder, brukseigenskaper og grunnleggande produksjonsprosessar.
Studiepoeng: 10.
Oppstart: 11. oktober.
Studiestad: Førde
Undervisninga foregår på nett på ettermiddag/kveld frå klokka 16:00-19:00.
Meir informasjon: - Kursinfo.
Arbeidsplassen min
Dette kurset er særleg tilpassa verksemder som driv med logistikk. Tema som belysast i kurset er leiing, utvkling, samspel og tryggleik. Kurset er sett opp i samarbeid med Fjordbase AS og inngår som ein del av Fjordbase AS si kompetanseutvikling.
Studiepoeng: 10
Oppstart: 26.09.23
Studiestad: Florø (gjennomførast med ein kombinasjon av fysiske samlingar i Florø og digital undervisning).
Meir informasjon: Kursinfo.
Påmelding: påmeldingsskjema.
Digitalt opplæringstilbod for langtidssjukemelde
Meir informasjon om opplæringstilbodet kan du lese her.
EX - Elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege områder
I samarbeid med ExTek AS vert det sett opp ein samlingsbasert, nettstøtta modul innan EX. Utdanninga passar spesielt godt for deg som ønsker å auka kompetansen innan Ex eller som ønsker ei heilskapleg utdanning innan Ex. Etter utdanninga har ein opparbeidd seg teoretisk kompetanse for å kunna utføra arbeid tilknytta elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område.
Studiepoeng: 10
Oppstart: Vi planlegger oppstart over nyttår, - meir info kjem.
Studiestad: Meir info kjem.
Opptakskrav:
Opptakskrava er like for bransjemodular som for heile studium. Ein kvalifiserer til opptak dersom ein har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev, eller ein kan søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. For meir informasjon om dette, sjå Realkompetansevurdering på fagskolene | Nokut