Hopp til hovedinnhold

Korleis få ein organisasjon som er i stand til å lære, utvikle og skape noko nytt? Det er tema for vårt nye studium «Min arbeidsplass». Studiet er særleg tilpassa verksemder som driv med logistikk.

Studiestad: Førde (gjennomføringa vil vere ein kombinasjon av digital undervisning, og fysisk undervisning i Florø)

Studiepoeng: 10  

Leiing, utvikling, samspel og tryggleik er overskriftene for studiet Min arbeidsplass. Studiet er eit samarbeid mellom Fjordbase AS og Fagskulen Vestland, og inngår som ein del av Fjordbase AS si kompetanseutvikling.

Studiet har fire emne:

  • Endrings- og sjølvleiing
  • Prosjektleiing og prosjektplanlegging
  • Helse, miljø og tryggleik (HMT)
  • Marknadsføring og kundehandsaming

Meld deg på her.

Du kan søkje opptak på grunnlag av:

1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.

Relevante fagbrev er:

Aluminiumskonstruksjonsfaget
Anleggsmaskinmekanikarfaget
Anleggsrøyrleggjarfaget
Automatiseringsfaget
Bilfaget, lette kjøretøy
Bilfaget, tunge kjøretøy
Billakkerarfaget
Bilskadefaget
Bokbinderfaget
Boreoperatørfaget
Brønnfaget, elektriske kabeloperasjonar
Brønnfaget, havbunnsinstallasjonar
Brønnfaget, kveilerøroperasjonar
Brønnfaget, mekaniske kabeloperasjonar
Brønnfaget, sementering
Chassispåbyggjarfaget
CNC-maskineringsfaget
Dimensjonskontrollfaget
Finmekanikarfaget
Fjernstyrte undervassoperasjonar
Gjørtlarfaget
Hjulutrustningsfaget
Industriell overflatebehandling
Industrimekanikarfaget
Industrimontørfaget
Industrioppmålingsfaget
Industrirøyrleggjarfaget
Komposittbåtbyggjarfaget
Kran- og løfteoperasjonsfaget
Landbruksmaskinmekanikarfaget
Låsesmedfaget

Maritim Innredning

Matrosfaget

Motormannfaget

Motormekanikarfaget
Motorsykkelfaget
NDT-kontrollørfaget
Plastmekanikarfaget
Platearbeiderfaget
Polymerkomposittfaget
Produksjonsteknikkfaget
Reservedelsfaget
Røyrleggjarfaget
Smedfaget
Støperifaget
Sveisefaget
Termoplastfaget
Ventilasjons- og blekkslagarfaget
Verktøymakarfaget

 

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

2: Realkompetanse

Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)

3: Utdanning frå eit anna land

Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søk studieplass på Samordna Opptak.

Mål for utdanninga

  • Utvikle og bevisstgjere fagarbeidarar som energiforvaltarar.
  • Skape grunnlag for felles omgrepsforståing og kommunikasjon omkring energi og miljø.
  • Skape haldningar kring miljø og skape ein miljøprofil.
  • Utvikle Fjordbase til ein lærande organisasjon.
  • Personaleg sjølvutvikling og evne til å ta eigne initiativ.
  • Kompetanseutvikling bør bli like sentralt som helse, miljø og tryggleik (HMT) i bedriftene.

Les meir om læringsutbyte i studieplanen.

Undervisning

Kvart av dei fire emna har 8 timar undervisning, 10 timar rettleiing og 46 timar sjølvstudium. Gjennomføringa vil vere ein kombinasjon av digital undervisning, og fysisk undervisning i Florø.

Studentarbeidet vil i hovudsak bli bygd opp omkring to hovudaktivitetar

  • Læringsnotat
  • Eit case som dekker heile studiet

Arbeidskrav

Arbeidskrav ved Fagskulen Vestland er rekna som ein serie av obligatoriske krav om arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Arbeidskrav i dette studiet er å levere læringsnotat etter kvar undervisningsøkt.

Framdriftsplan

Økt

Dato

Kl.

Emne

1

26.09.23

1200 – 1530

Introduksjon og informasjon til studiet

2

03.10.23

1200 – 1530

Endrings- og sjølvleiing

 

10.10.23

 

Haustferie

3

17.10.23

1200 – 1530

Prosjektleiing og prosjektplanlegging

4

24.10.23

1200 – 1530

Helse, miljø og tryggleik (HMT)

5

31.10.23

1200 – 1530

Marknadsføring og kundehandsaming

6

07.11.23

1200 – 1530

Endrings- og sjølvleiing

7

14.11.23

1200 – 1530

Prosjektleiing og prosjektplanlegging

8

21.11.23

1200 – 1530

Helse, miljø og tryggleik (HMT)

9

28.11.23

1200 – 1530

Marknadsføring og kundehandsaming

10

05.12.23

1200 – 1530

Framføring av case

Vurdering

Vurderingsformene har samanheng med læringsutbytte, innhald, undervisningsformene og arbeidsformene i utdanninga. Det er den heilskaplege kompetansen som vert lagt til grunn når studentane sin kompetanse skal vurderast.

I dette studiet vil det bli ein heilheitsvurdering av fire læringsnotat og eit hovudcase for studiet.

Karakterane er bestått og ikkje bestått.

Sluttdokumentasjon

Studentane som fullfører og består utdanninga får eit vitnemål som dokumentasjon. På vitnemålet står utdanning, eventuell fordjuping og tittel på case. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga.

Ved ikkje bestått vil studenten få skrive ut eit kompetansebevis som dokumentasjon på kva for einskildemne som er gjennomgått.