Brenn du for nyvinningar som robotteknologi og digital produksjon? Ynskjer du å lære korleis sensorar og robotar fungerer i industrien? Då er dette kurset midt i blinken for deg. Kurset gjev 10 studiepoeng.
Studiestad: Odda
Studiepoeng: 10
Har du fundert på korleis sensorar og robotar bidreg til å effektivisere og automatisere produksjonsprosessane i dagens fabrikker? Dette vil du få innsikt i gjennom dette kurset. Du lærer om dei ulike robot-teknologiane og korleis ein tilpassar desse til ulike oppgåver og miljø. Du vil og få eit innblikk i korleis robotane kommuniserer med sensorar og andre einingar i eit integrert system. Du vil få forståinga for korleis data frå desse ulike systema kan nyttast, og analyserast. Undervisninga vil og gje praktisk erfaring i å nytte digitale modeller for å programmere, og styre robotar på ein enkel måte.
Kurstematikk
- Industriell sikkerhet
- Digitale produksjonsmaskiner med robotikk
- Skytjenester
- Sensorteknologi
Du kan søke opptak på grunnlag av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
- Aluminiumskonstruksjonsfaget
- Anleggsmaskinmekanikerfaget
- Automatiseringsfaget
- CNC-maskineringsfaget
- Dataelektronikerfaget
- Dimensjonskontrollfaget
- Elektrikerfaget
- Elektroreparatørfaget
- Energimontørfaget
- Energioperatørfaget
- Finmekanikerfaget
- Grafisk produksjonsteknikk
- Heismontørfaget
- Industriell matproduksjon
- Industriell overflatebehandling
- Industrimekanikerfaget
- Industrimontørfaget
- Industrioppmålingsfaget
- Industrisnekkerfaget
- Industrisømfaget
- Industritekstilfaget trikotasje
- Industritekstilfaget veving
- Modellbyggerfaget
- Motormekanikerfaget
- NDT-kontrollørfaget
- Plastmekanikerfaget
- Platearbeiderfaget
- Polymerkomposittfaget
- Produksjonselektronikerfaget
- Produksjonsteknikkfaget
- Serigrafifaget
- Signalmontørfaget
- Støperifaget
- Sveisefaget
- Tavlemontørfaget
- Telekommunikasjonsmontørfaget
- Trykkerfaget
- Verktøymakerfaget
- Viklerfaget
2: Realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
Læringsutbyte
Etter gjennomført kurs skal du ha ha tileigna deg kunnskap om ulike typer robotar og funksjonar innan industriell produksjon. Du skal ha skaffa deg kjennskap til begrep innan fagfeltet, og kunnskap om samspillet mellom einingane i ei digital produksjonslinje. Du vil ha fått kjennskap til måleteknikkar og målemetoder innan mekanisk industri, og ha fått kunnskap om sensorteknologi som nyttast i digitalproduksjon. Du vil ha skaffa deg viten om grunnprinsippa for digital sikkerheit i industri, og kjenne til skytenester som nyttast i industriell smanheng.
Etter endt kurs skal du:
- Kunne analysere sensordata frå produksjonen og ta rett avgjersle på grunnlag av data
- Sjå behovet for digitalisering og automatisering i produksjonsprosessar
- Forstå samensette produksjonsprosessar og ta i bruk viktige suksessfaktorar til nytte i digital produksjon
- Ha fagleg forståeing for produksjonsprosessar i eit digitalt perspektiv
- Kunne analysere samensette prosessar, samt ta i bruk viktge suksessfaktorar i digital produksjon
Undervisning
Kurset følger ein studieplan, og undervisninga baserer seg i stor grad på digitale ressurssider, lærebøker. forelseninger, og arbeid med oppgåver. Vi nyttar oss av videoer i undervisninga om relevant, og de skal gjennomføre labøvingar. Noko av læremateriellet er på engelsk. Undervisninga vil skje båe fysisk og digitalt på samlinger.
Arbeidskrav:
Det er to obligatoriske innleveringer på dette kurset, og ein prosjekteksamen. I tillegg skal de gjennomføre oppgåver og øvingar knytt til undervisninga. Det er oppmøtekrav på minimum 80% på dette kurset.
Vurderingsformer:
Obligatoriske innleveringer får "godkjend" eller "ikkje godkjend". Innleveringane må være godkjend før ein får gå opp til eksamen. Prosjekteksamen setjast karakter på frå F-A.
Litteratur
De vil få nærare informasjon ved kursstart.
Undervisningsplatformer (LMS):
- It`s learning
- LX Learning Experience fra Festo (e-opplæring)
- Festo didactic infoPortal (nettside)
- CIROS education (digital tvilling, simulering og programmering)
- Zoom som verktøy for videoundervisning
Interessert?
Fyll ut dette søknadsskjemaet.