Fordjupingsområdet KEM gjev deg opplæring i byggeplassleiing, BIM, bygningsfysikk, vannbåren varme og kjøling, ENØK, elektro- og byggautomasjon, VVS-prosjektering og ventilasjonsteknikk. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen.
Studiestad: Førde
Utdanningsform: nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 120
I aukande omfang vert nye bygg levert med større grad av integrerte tekniske anlegg. Dette stiller krav til at leiande personell har kunnskap om dei ulike anlegg slik at ein oppnår dei energi-, miljø- og klimakrava som myndigheiter og marknad til ei kvar tid krev.
Fagskule innan KEM gjer deg godt kvalifisert til å jobbe med prosjektering innan ventilasjonsteknikk, kjøleteknikk, varmeanlegg eller sanitærteknikk. Energivurdering av klimaanlegg (kjøle- og ventilasjonsanlegg) krev minimum kompetanse på teknisk fagskulenivå.
Arbeidsoppgåver kan også være sal, marknadsføring eller fagopplæring.
Organisering av utdanninga
Studiet er nettbasert med samlinger over tre år. Studiet gir 120 studiepoeng som svarer til eit toåring heiltidsstudium.
Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
- Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.
- Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.
Undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag.
Du kan søkje opptak på grunnlag av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
• Automatiseringsfaget
• Betongfaget
• Elektrikerfaget
• Energimontør
• Industrimalerfaget
• Industrimekanikerfaget
• Industrimontørfaget
• Industrirørleggerfaget
• Industrisnekkerfaget
• Isolatør
• Klima-, energi-, og miljøteknikk
• Kulde- og varmepumpemontørfaget
• Malerfaget
• Maskinteknikk
• Murerfaget
• Rørleggerfaget
• Tak- og membrantekkerfaget
• Tømrerfaget
• Ventilasjons- og blikkenslagerfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
2: realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
3: Utdanning frå eit anna land:
Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.