Hopp til hovedinnhold

Studielån, stipend og kostnader

Lurer du på kor mykje det kostar å studere ved Fagskulen Vestland? Vi har samla informasjon om dette på denne sida - samt kva du kan få i støtte.

Studielån og stipend

Alle utdanningane ved Fagskulen Vestland er NOKUT-godkjente, og studentane kan søke om lån og stipend i Lånekassen.

Andre kurs gir ikkje støtte i Lånekassen.

Kostnader

  • Heiltids- og deltidsutdanningar
    • Studentar ved heiltids- eller deltidsutdanningane har ikkje utgifter utover semesteravgifta.
  • Studieavgift for nettbaserte utdanningar:
    • Studentane som tar ei nettbasert utdanning vil, i tillegg til semesteravgifta, bli fakturert kr. 3 000,- pr. semester.
    • Studentar ved lokal matkultur, og dei helsefaglege utdanningane vert unntatt frå denne avgifta.

Fristen for betaling av studieavgifta er sett til 30. september. Skal du ikkje studere hos oss likevel? Då må du melde frå innan fristen. 

Materiell og utstyr

Studentane må sjølv dekke kostnader knytt til bøker, kalkulator, PC, lisensar, osv.

Semesteravgift

Fagskulen Vestland er medlem i studentsamskipnaden på Vestlandet, Saman.

Alle studentar skal betale semesteravgift til Saman, avgifta er sett til kr 690,- per semester. 40 kroner av denne avgifta er frivillig, og går til Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond, som jobbar for at alle unge mennesker skal ha tilgang til god utdanning.

Fagskulen fakturerer studentane etter studiestart for semesteravgifta.