Hopp til hovedinnhold

Fleksibel fagskuleutdanning i Vestland

Har du fagbrev eller tilsvarande realkompetanse? På Fagskulen Vestland kan du bygge vidare på karrieren din og spesialisere deg meir innan faget ditt. Våre høgare yrkesfaglege utdanningar er utvikla i tett samarbeid med næringslivet. Det betyr at det du lærer hos oss, er det arbeidsgivarane faktisk er på jakt etter, både no og i åra som kjem. 

 

Vi tilbyr både heiltidsutdanningar og fleksible deltidsstudium, i tillegg til eigne fagmodular. Mange av studia har nettundervisning og er samlingsbaserte, og er tilpassa studentar med full jobb ved sidan av. Med åtte studiestadar rundt om i fylket – Bergen (Nygård og Nordnes), Stord, Voss, Austevoll, Hjeltnes, Førde og Måløy – er Fagskulen Vestland tett på både lokalsamfunn og arbeidsliv, noko fagtilbodet vårt viser. Her kan du utvikle deg fagleg utan å måtte reise langt.

Vi har utdanningar innan bygg og anlegg, elkraft og automatisering, grønt og gastronomisk, helse og oppvekst, marin og maritim, maskin og prosess, robotteknologi og petroleumsteknologi. Uansett kva fagområde du kjem frå, vil eit studium på Fagskulen Vestland gjere deg meir ettertrakta på arbeidsmarknaden, og klar for å bygge vidare på karrieren din.  

Simon jobber på båt etter fagskoleutdanning på Fagskulen Vestland

Fagskulen er eit veldig godt val for dei som vil bygge vidare. Du får praktisk undervisning, dyktige lærarar og eit miljø som vil at du skal lykkast.

Etter fleire år som matros visste Simon Aakre Pettersen at han ville vidare. Med praktisk undervisning, tett oppfølging og gode jobbutsikter blei Fagskulen Vestland det naturlege valet.

Les mer

Studiet er praktisk og relevant, og du kan bruke kunnskapen med ein gong.

Det som starta som ein midlertidig jobb, blei starten på ei karriere Vegard Søhoel aldri hadde sett for seg. Med Fagskulen Vestland har han fått kunnskap som gjer han tryggare i fiskehelse, mikrobiologi og vasskjemi.

Ei tilfeldighet gjorde han til fiskenerd på heiltid
Studentar som arbeider.

Prøv utdanningsveljaren

Her finn du oversikt over alle utdanningane våre, frå korte kurs og bransjemodular til 2-årige utdanningar som gir høgare fagskulegrad.

Våre studiestadar

Fagskulen Vestland har åtte studiestadar rundt om i Vestland fylke – Bergen (Nygård og Nordnes), Stord, Voss, Austevoll, Hjeltnes, Førde og Måløy.