IT-informasjon
Brukarkonto
Brukarkontoen din gir deg tilgang til dei fleste av Fagskulen Vestland sine system.
- Når vi har registrert deg inn som student, vil du motta ei tekstmelding frå Vestland fylkeskommune.
- Meldinga inneheld brukarnamnet ditt og ein aktiveringskode.
- Koden er gyldig i 14 dagar.
- Slik aktiverer du brukarkontoen:
- Gå inn på passord.vlfk.no og klikk på «Aktiver brukarkonto».
- Fyll inn brukarnamnet og aktiveringskoden du fekk tilsendt i tekstmeldinga.
- Skriv inn koden du ser på skjermen og vel «Gå vidare».
- Fullfør resten av stega.
- Systemet brukar litt tid på å oppdatere seg, så vent gjerne ein halv time før du prøver å logge deg inn første gong.
Gå til aktivering av brukarkonto
Har du brukarkonto frå før? Eller gløymt passord?Dersom du nyleg har vore elev i Vestland fylkeskommune kan det vere at ein brukar allereie er registrert på deg. I så fall vil du ikkje motta tekstmelding med aktiveringskode. I staden skal du gå inn på passord.vlfk.no og velje «Gløymt/Endre passord». Same stad går du om du har gløymt passordet ditt.
Studentbevis
Fagskulen brukar digitale studentbevis i appen PocketID. Du lastar ned appen frå App Store eller Google Play.
Du brukar også PocketID som digital nøkkel for å få tilgang til undervisningsbygga.
Tilgang til trådlaust internett
Du loggar på trådlaust internett på studiestaden med brukarkontoen din. Sjå ovanfor.
PC-anbefalingar
- Du finn minstekrav for maskinvare under «Krav til maskinvare» på nettsida til di utdanning. Dersom ingenting er oppgitt, vil ein vanleg moderne PC vere godt nok.
- Det er ikkje anberfalt å bruke ein PC som er eldre enn 4 år.
- Fagskulen anbefalar bruk av ein PC med operativsystem Windows 10 eller 11 i 64bit-versjon.
- Fagskulen Vestland anbefaler ikkje bruk av Mac.
- Vi har ikkje brukarstøtte frå IKT-staben på Apple-produkt. Vi anbefaler heller ikkje Chromebook, då mange utdanningar har programvare som berre fungerer på maskiner som køyrer Windows.
-
Apple sin Prosessor Chip i M-serien (ARM) med Windows i eit virtuelt miljø, vil ikkje fungere med alle programma Fagskulen Vestland bruker.
- På av-test.org finn du anbefalt programvare for antivirus.
- Unngå PC-frå jobben
- Hugs at du treng administratortilgang for å installere mange av programma som fagskulen brukar. Mange arbeidsgjevarar gir ikkje slik tilgang.
- Dersom det blir lisensrevisjon på arbeidsplassen din, vil studentversjonar av programvare ikkje vere godkjent på ein arbeids-PC.
Programvare
Felles programvare som Zoom, Google Workspace og Microsoft 365 er tilgjengeleg gratis på skulen når du er student.
Alle studentar må laste ned Microsoft Teams, då dette er ein viktig informasjonskanal internt.
Du brukar kontoen du har fått av Vestland fylkeskommune. Brukarnamn (e-brukarnamn@iskule.no) og passord gjeld for alle desse systema.
Informasjon om studentlisens til spesialprogram for di utdanning får du frå læraren din.
Anna tilgjengeleg programvare frå Vestland fylkeskommune
IT-hjelp
Har du utfordringar med programvare, pålogging, nettverk eller utstyr? Ta kontakt med Fagskulen Vestland si IT-hjelp.
Studentar melder inn IT-saker via eit elekstronisk skjema.
I nedtrekkslista må du velje den studiestaden du studerer ved. T.d. «Fagskulen Vestland - studiestad Stord».
Fagskulen Vestland si IT-hjelp vil ta kontakt for å løyse problemet. Dersom saka ikkje kan løysast via fjernhjelp, vil saka bli sendt vidare til lokalt IT-personell.