Tilrettelegging
Som student kan du søke om individuell tilrettelegging dersom du har ei funksjonsnedsetting, eller andre særskilte behov.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med sosialpedagogisk rådgjevar Mirjam Lundhaug.
Du har rett til å søke om tilrettelgging ved eksamen/vurdering og undervisning/studieløp.
Tilrettelegginga skal ikkje føre til reduksjon av dei faglege krava, men skal hjelpe deg til å gjennomføre dersom du har funksjonsnedsetting eller særskilde behov.
Eksempel på tilrettelegging er:
- tilrettelagde prøver og eksamenar
- tilrettelagd undervisning
- utsetting av oppgåvefristar
- oppfølgingssamtalar
- individuell tilrettelegging av/på studiestad
Det finst også fleire offentlege tilbod som kan bidra til å gjere kvardagen din enklare:
- Studentsamskipnaden Saman tilbyr blant anna studentrådgjeving, studentbustader, helsetenester og aktuelle kurs.
- Tibi - Biblioteket for tilrettelagt litteratur produserer litteratur i alternativt format for blinde og synshemma studentar.
- NAV har fleire aktuelle tenester som for eksempel hjelpemiddelsentral, lese- og skriveverktøy. Dei tilbyr også mentorordning for studentar som har behov for ekstra oppfølging.