Hopp til hovedinnhold

Kostnader

Studieavgift

  • Studentar ved dei fleste nett- og samlingsbaserte utdanningar betaler ei studieavgift på 3.000 kroner per semester, i tillegg til semesteravgifta. 

 

Unntak frå studieavgift: 

  • Studentar ved dei helsefaglege utdanningane, og utdanninga Lokal matkultur, betaler ikkje studieavgift.
  • Studentar ved stadbaserte heiltidsutdanningar betaler ikkje studieavgift.
  • Studentar på Industrifagskule og Bransjeprogram betaler ikkje studieavgift.

Fristen for å betale studieavgifta er 30. september for haustsemesteret, og 1. februar for vårsemesteret. Skal du ikkje studere hos oss likevel? Då må du melde frå til oss før betalingsfristen. Å ikkje betale studieavgifta fører til tap av studieretten.

Semesteravgift

  • Fagskulen Vestland er medlem i studentsamskipnaden på Vestlandet, Saman.
  • Alle studentar skal betale semesteravgift til Saman, avgifta er sett til 650 kroner per semester.
  • Fagskulen fakturerer studentane for semesteravgifta etter studiestart.
  • Fristen for å betale semesteravgifta er 30. september for haustsemesteret, og 1. februar for vårsemesteret.

Å ikkje betale semesteravgifta fører til tap av studieretten.

Materiell og utstyr

  • Studentane må sjølve dekke kostnader knytt til bøker, kalkulator, PC, lisensar, og liknande.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no