Korleis referere til bruk av KI-verktøy i oppgåver og innleveringar
For at bruken av KI skal vere open og etterprøvbar, krev vi at du oppgjer bruken din på følgjande måte:
I alle skriftelege arbeid
I alle oppgåver og innleveringar du nyttar KI-verkøy må du skrive om korleis du har nytta KI-verkøyet på følgjande måte: Under referanselista lagar du eit eige punkt med overskrifta «KI-bruk». Dette punktet skal innehalde to element:
- Bruksfråsegn
Beskriv kva KI-verktøy du har brukt og kva verkøyet hjalp deg med. Her er det viktig å være detaljert. Du skal gjere lesaren av oppgåva eller innleveringa di kjend med korleis du har nytta KI-verkøyet. - Hugs: KI-innhald må gåast gjennom og skrivast om slik at slutteksten er din eigen.
- Ansvarserklæring
KI-genererte svar kan innehalde feil. Vi krev difor at du stadfestar kort at du tek det fulle ansvaret for innhaldet i den ferdige innleveringa eller oppgåva. Dette er eit generelt krav til alt arbeid ein student gjer, men i likheit med andre utdanningsinstitusjonar krev vi og at våre studentar uttrykkjeleg oppgjer at dei har gjort dette.
- Døme: «Alt innhald er kvalitetssikra av meg, som ber det fulle ansvaret for innhaldet.»
Direkte sitat, bilete og etterprøvbarheit
Dersom du limer inn tekst, bilete eller anna materiale direkte frå KI-verktøyet i oppgåva eller innleveringa, gjeld følgjande reglar:
- Tydeleg markering: Materialet skal markerast tydeleg i oppgåva eller innleveringa, og du skal føre opp verktøyet i litteraturlista i tråd med referansestilen (APA 7).
- Etterprøvbarheit: Du skal og leggje ved prompten (kommandoen/spørsmålet) samt ei lenkje til samtalen med KI-verktøyet, dersom det er teknisk mogleg. Du kan leggje det ved som eit eige vedlegg, eller lime det inn under eit eige punkt med overskrifta «Promptar og lenkjer» i slutten av oppgåva.
-
I teksten: (Firma/Rettshavar, år)
-
I referanselista: Firma/Rettshavar. (År). Tittel på programvare (Versjon) [Stor språkmodell]. Utgjevar. URL-til-der-ein-får-tilgang-til-tenesta
- Dersom firma/rettshavar er det same som utgjevar, treng du ikkje oppgje utgjevar.
Døme med KI-verktøyet M365 Copilot (Microsoft)
- I løpande tekst:
«Smidig prosjektstyring er særleg eigna når krava i prosjektet endrar seg hyppig undervegs» (Microsoft, 2025). - I referanselista:
Microsoft. (2025, 15. september). Prinsipp for smidig prosjektstyring [Generativ KI-chat]. Microsoft 365 Copilot. Henta 15. september 2025 frå Microsoft Copilot: Your AI companion