Godskriving og fritak av emne
Har du studert før, eller har du relevant arbeidserfaring? Då kan du søkje om å få sleppe å ta emne på nytt
Viktige fristar for å søkje:
- 1. oktober for emne i haustsemesteret
- 1. februar for emne i vårsemesteret
All dokumentasjon må liggje ved søknaden innan fristen.
Kva er skilnaden?
- Godskriving: Du får godkjent emne du har tatt tidlegare ved Fagskulen Vestland eller ein annan fagskule
- Fritak: Du slepp eit emne på grunnlag av anna utdanning (f.eks. høgskule) eller arbeidserfaring (realkompetanse).
Slik søkjer du
Ha all dokumentasjon klar før du startar. Kva du må leggje ved, avheng av bakgrunnen din:
Ekstern utdanning (får ein annan skule)
- Vitnemål og/eller karakterutskrift
- Studieplan eller emneplan frå det aktuelle semesteret (med studiepoeng, arbeidsmengd og læringsutbytte)
- Pensumliste frå det aktuelle semesteret
Realkompetanse (arbeidserfaring)
- Arbeidsattestar med stillingsprosent, start- og sluttdato og skildring av arbeidsoppgåver
- Kursbevis frå relevante kurs
- Eigenvurdering der du beskriv kompetansen din opp mot emnet du søkjer fritak for (om aktuelt)
Tidlegare utdanning frå Fagskulen Vestland
Du treng ikkje laste opp dokument, men må fylle inn direkte i søknadsskjemaet:
- Emnekode og emnenamn
- Lenke til emnebeskrivinga
Søknadsskjema:
- Utan studentkonto: Søknad om godskriving og fritak av utdanning
- Med studentkonto: Søk digitalt i Visma InSchool:
Studentkonto blir oppretta rundt 8. august. Vi behandlar søknader fortløpande, men prioriterer søknader om fritak eller godskriving for heile første eller andre studieår, for å frigjere studieplassar. På grunn av ferieavvikling kan saksbehandlinga ta noko lenger tid.
-
Logg inn på Visma inSchool-sida til fagskulen.
-
Gå til Mine Søknader i det blå sidefeltet.
-
Vel fana Godkjenning av tidlegare beståtte fag og trykk på knappen Opprett søknad.
-
Vel emnet/emna du vil søkje om fritak i for dette skuleåret.
Har du gått forbi eit årstrinn og skal søkje for fag frå i fjor? Aktiver skyveknappen Inkluder alle fagkoder og tast inn NVB-nummeret frå studieplanen din.
-
Last opp dokumentasjon (vedlegg) og lagre med den blå knappen.
-
Følg med etterpå: Sjekk søknaden underveis i tilfelle det vert etterspurt meir dokumentasjon. Når søknaden er godkjent, vil timane til dette emnet forsvinne frå timeplanen din.
Vedtak og klagerett
Fagskulen fattar eit enkeltvedtak på søknaden din. Du kan klage innan 3 veker frå du tok imot vedtaket. Send grunngjeven klage til fagskulenvestland@vlfk.no.
Spørsmål? Ta kontakt på fagskulenvestland@vlfk.no – merk e-posten med Spørsmål om godskriving og fritak.