Velkomstveka 2025
Når du startar som student ved Fagskulen Vestland, inviterer vi deg til å bli med på Velkomstveka – ei sosial og inkluderande startveke for alle nye studentar.
Velkomstveka 2025 startar måndag 11. august i Festsalen på Nordnes (Haugeveien 28, Bergen). Der møter du medstudentar og fadrar, og blir del av ei faddergruppe. Fadrane er erfarne studentar som kjenner skulen godt og hjelper deg med å bli kjend med både studiemiljøet, skulen og byen Bergen.
Gjennom veka blir det mange kjekke aktivitetar – konsertar, byvandringar, festar og mykje meir. Målet er å gi deg ein trygg, sosial og minnerik start på studietida!
For å vere med, kjøper du ein billett til kr 700 ved oppmøte. Denne billetten dekker alle aktivitetar og arrangement, og gir deg full tilgang til programmet for heile veka.
Detaljert program og praktisk informasjon vert sendt ut til alle påmelde studentar i slutten av juli.
Meld deg på – vi gler oss til å ta imot deg!
Måndag 11.08 | Tysdag 12.08 | Onsdag 13.08 | Torsdag 14.08 | Fredag 15.08 |
Oppmøte og informasjon | Fagskuliga (fotballcup) | By-rebus | Byvandring med ViD og Noroff | HALLAIEN! |
Fadderfriheit/bli kjend | Felles uteliv | Studentfest på Verftet |